FYR naturfag

Gjennom FYR skulle elevane få ei opplæring som var tettare knytt til det yrket dei utdannar seg til. Naturfagsenteret hadde det faglege ansvaret for yrkesrettinga av naturfagundervisninga i prosjektet FYR.

FYR står får Fellesfag, Yrkesretting og Relevans, og prosjektet hadde som overordna mål å auke kvaliteten på opplæringa for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Prosjektet skulle bidra til at skolane utvikla ein kultur for yrkesretting og relevans, at det blei utvikla ein samarbeidskultur både mellom fellesfaga og mellom fellesfaga og programfaga, og at det blei utarbeida læringsressursar som skulle brukast aktivt i opplæringa.

FYR-nettverket bestod av nasjonale FYR-koordinatorar ved dei fire nasjonale sentra som deltok i prosjektet (Naturfagsenteret, Matematikksenteret, Fremmedspråksenteret og Skrivesenteret), ein prosjektleiar i kvart fylke og FYR-koordinatorar i faga naturfag, matematikk, engelsk og norsk i kvart fylke. Dei nasjonale sentra leia det faglege utviklingsarbeidet og nettverksarbeidet i sine respektive fag, og gjennomførte – i samarbeid med Utdanningsdirektoratet – skoleringssamlingar for lærarar og leiarar for alle vidaregåande skolar.

Naturfagsenteret hadde det faglege ansvaret for FYR naturfag og samarbeida med FYR-koordinatorane i naturfag i alle fylke. FYR-koordinatorane har gjort ein veldig god jobb i fylka med å utvikle, prøve ut og dele yrkesretta og relevante undervisningsressursar. Vi håpar at dette arbeidet har lagt grunnlaget for gode samarbeidsrutinar mellom fellesfag og programfaglærarar, og at dette resulterer i motiverte elevar og til sjuande og sist betre fagarbeidarar.

denne artikkelen kan du finne eksempel på tverrfaglege undervisningsopplegg på yrkesfag som utfordrar elevane i samarbeid, kreativitet og problemløysing.

Nettressurser