naturfagsenteret.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss:
Ny utgåve av Spiss
Spiss gjer det mogleg for elevar i naturfaga å publisere eigne forskningsartiklar med fagfellevurdering frå elevar ved andre skolar. Tolv forskningsartiklar er no publisert i årets utgåve. Les blant anna om placebo og mjølkesyre, haldbarheita til lettmjølk og den antibakterielle veknaden til honning.
I år kom det inn 36 bidrag fra 8 skoler innan faget Teknologi og forskingslære. I alt var 46 elevar involverte i artiklane. Etter ein runde med fagfellevurdering av elevar og kommentarar frå redaksjonen, sender dei elevane som ønsker det, inn ei forbetra utgåve av artikkelen for ny vurdering og mogleg publisering. Det er konkurranse om å bli med i siste runde og få artikkelen publisert.
Gjennom Spiss tilbyr Naturfagsenteret ein læringsarena i naturfag og dei naturfaglege programfaga i grunnopplæringa.
No er årets utgåve klar med 12 publiserte artiklar. God lesing!