Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Opp-ned-frø

Vil frø spire dersom dei ligg opp-ned? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Opp-ned frø

Faglig forklaring

Folk flest undrar seg ikkje over at planter i naturen alltid veks med stengelen opp, sjølv om det er tilfeldig korleis frøa landar i jorda. Det speler inga rolle korleis frøa ligg når dei startar å spire. Det er mekanismar, kalla tropismar, i plantene som sikrar at skuddet alltid veks oppover og mot lyset, og at røtene alltid veks nedover eller mot vatn.

Kommentarer/praktiske tips

Dyrkingsforsøk kan vise om orienteringa til frøa har noko å seie for korleis dei spirer. Andre krav som skal til for at frø spirer må vere oppfylt (luft, fukt og varme). Vi kan så frøa med forskjellig orientering, inkludert ei behandling der frøa blir snudd etter at dei har spirt. Store frø er lettare å arbeide med enn små frø.
 

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
      • utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut (KM801)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)