naturfagsenteret.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss:
Naturfagsenterets påskelabyrint
For dei som vil ha ein morosam naturfagtime inn mot påska, har vi laga påskelabyrinten «Frå pol til pol i seks etappar» der elevane får trent på informasjonssøk. Her er alle hjelpemiddel tillatne, også ChatGTP. PS! Kan også brukast i lærarkollegiet!
Denne påskelabyrinten er i utgangspunktet laga for elevar på ungdomstrinn og oppover. Elevane jobbar i grupper på tre. Kvar oppgåve innheld ulike hint om ein destinasjon. Gi elevane beskjed om kor lang tid dei får på førehand (for eksempel 45 minutt). Elevane kan nytte hjelpemiddel, og kvar elevgruppe må vere strategisk slik at dei sankar flest mogleg poeng i løpet av tida dei får.
NYNORSK: pdf | Word | Google dokument
BOKMÅL: pdf | Word | Google dokument
For at elevane ikkje skal ha fasit, kan du som er lærar få han tilsendt ved å sende ein epost til fasit@naturfag.no og oppgi kva skole du jobbar på.