Nyhet

Sten Ludvigsen: – Naturfaget ein god inngang til samarbeid

– Samarbeid vert viktig i arbeidet med å fornya læreplanane, og naturfag er ein god inngang til samarbeid på fleire nivå, seier Sten Runar Ludvigsen. Han leia utvalet som la grunnlaget for stortingsmeldinga om fornying av Kunnskapsløftet.

– Vi treng gode, velfungerande senter som kan følgja prosessen med læreplanane, seier Sten Runar Ludvigsen. Foto: Alex Tufte, Institutt for spesialpedagogikk, UiO – Vi treng gode, velfungerande senter som kan følgja prosessen med læreplanane, seier Sten Runar Ludvigsen. Foto: Alex Tufte, Institutt for spesialpedagogikk, UiO

I april i år la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram stortingsmeldinga Fag – Fordypning – Forståelse. Meldinga bygde på NOU 2014: 7 Elevenes læring i fremtidens skole og NOU 2015: 8 Fremtidens skole.

Begge NOUane var skrivne av eit utval leia av professor Sten Runar Ludvigsen frå Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han er godt fornøgd med stortingsmeldinga.

– Meldinga har følgt hovudlinjene frå utgreiingane våre. Vi var spesielt opptekne av å få ei omlegging i faga med vekt på djupn og progresjon, og det har meldinga følgt opp.

Fire viktige kompetanseområde

– Den har òg lagt vekt på eit anna område som var viktig for oss. Det går under mange namn, som tverrfaglegheit og fleirfaglegheit, men er i grunnen ikkje meir mystisk enn at elevane skal kunna ta med seg kunnskap frå eitt område og bruka han på eit anna område.

Ludvigsen-utvalet anbefalte fire kompetanseområde som viktige, som òg stortingsmeldinga har teke med seg:

  • fagspesifikk kompetanse
  • kompetanse i å læra
  • kompetanse i å kommunisera, samhandla og delta
  • kompetanse i å utforska og skapa

Det som står i utgreiingane om samarbeid, handlar mest om at elevane skal læra gjennom å samarbeida med kvarandre i faga, på tvers av fag og gjennom samarbeid med ekspertar utanfor skulen. Men Ludvigsen meiner at lærarane òg må læra seg å samarbeida meir enn kva som kanskje har vore vanleg til no.

Nytenkjing på alle nivå

– Slik vi har tenkt det, er det ein føresetnad at lærarane samarbeider om  å laga oppgåver som kan få fram den tverrfaglege forståinga. Alt som er knytt til læringsmål og kompetansemål krev det. Progresjonstenkinga som vi har knytt til djup læring vil ikkje la seg realisera utan at lærarane legg til rette.

Ludvigsen legg ikkje skjul på at arbeidet med å fornya læreplanane vil krevja nytenking på alle nivå.

– Basert på kunnskapsgrunnlaget vi la fram, meiner vi at det er behov for å vidareutvikla korleis vi underviser på tvers av fag som kjemi, fysikk og biologi, for eksempel. Det har vi ikkje bestandig hatt veldig gode modellar for, seier Ludvigsen, i noko som verkar som ein diplomatisk understatement.

– Når ein har vore med nokre år, er ein jo ikkje så naiv at ein innbiller seg at ein utan vidare kan kombinera avanserte kunnskapsområde som dei som finst innan naturfag. Det vil krevja mykje av både lærarar og elevar og samspelet mellom dei, slår han fast.

Tre grupper av ekspertar

Ludvigsen peikar på at vi har didaktiske modellar innanfor det enkelte faget, men at det må utviklast nye modellar for kompliserte problemstillingar som går på tvers av kompliserte fagområde. Det er tre grupper av ekspertar som må samarbeida med å utvikla desse modellane, meiner han.

– Den fyrste gruppa er lærarane, som jo er dei som er vane med å stå i undervisningssituasjonen.

– Den andre gruppa er fagekspertar.

– Den tredje er forskarar innan læring og fagdidaktikk av naturfaga, med den type kompetanse som finst på Naturfagsenteret og innan nokre læringsutdanningsmiljø.

­– Eg tenkjer at eit nasjonalt senter som Naturfagsenteret vil vera heilt avgjerande for kvaliteten på dei nye læreplanane, sidan dei har dei ulike kompetansane. Naturfagsenteret er sannsynlegvis dei som vil vera best i stand til å integrera den kunnskapen som skal enda i kompetansemål. Senteret har ein kombinasjonen av ekspertise som kan sjå kva dilemma læraren har i kvardagen og samstundes kan sjå prinsipiell utvikling over lang tid for fagområdet.

– Vi treng gode, velfungerande senter som kan følgja prosessen med læreplanane over tid.

– Naturfag kan brukast til konkrete undersøkingar: forureinar ein bonde eller gjer han det ikkje? Illustrasjonsfoto: colourbox.no – Naturfag kan brukast til konkrete undersøkingar: forureinar ein bonde eller gjer han det ikkje? Illustrasjonsfoto: colourbox.no Colourbox

Treng oppfølgjingsstruktur

Ved lanseringa av stortingsmeldinga opplyste Kunnskapsdepartementet at det skal utviklast ein strategi for å fornya læreplanane, og at ei nærare tidsramme vil koma etter kvart. Det har blitt anslått at arbeidet kan vara heilt fram til 2020, men Ludvigsen er ikkje bekymra for at det skal ta for lang tid.

– Eitt av premissa til utvalet for å få til ei vellukka fornying var nettopp at ein skal ta seg nok tid til å få ein god prosess og involvera alle som treng å involverast, seier han. Samstundes er at han oppteken av at arbeidet må halda fram òg etter den fyrste fornyinga av læreplanane.

– Vi veit frå erfaringar frå andre land at vi ikkje kan ta for gitt at vi på fyrste forsøk vel det rette innhaldet og dei rette omgrepa som best hjelper elevane å utvikla seg. Derfor treng vi ein oppfølgjingsstruktur som kan følgje utviklinga over tid og ta initiativ til påkravde justeringar. Elles kan vi lett mista av syne korleis læreplanane virkar, dvs. kva fungerer i klasserommet og kva fungerer ikkje.

– Fagkompetansen til å gjera ei slik oppfylgjing finst ikkje i byråkratiet, og den kan heller ikkje gjerast på kvar enkelt skule. Derfor vil nasjonale senter som Naturfagsenteret ha ein nøkkelrolle her òg.

Døropnar til forskingsverda

Ludvigsen meiner at naturfag kan fungera som ein god inngang til samarbeid på tvers av fag.

– Vi pratar ofte om naturfag som eitt fag, men då kan det fort bli borte at naturfag jo består av fleire ulike fagområde. At naturfaget alt i utgangspunktet er eit samansett fag, gjev eit godt grunnlag for tverrfagleg samarbeid.

 På spørsmål om naturfag òg kan fungera som ein døropnar inn til forskingsverda, samtykkjer Ludvigsen.

– Det er veldig mange sider ved naturfaget som gjer forholdet mellom spørsmål, metodebruk og konklusjonar tydeleg. Det kan brukast til konkrete undersøkingar: forureinar ein bonde eller gjer han  det ikkje, kva er graden av utslepp frå ein bil og så vidare.

– Samstundes er naturfaget eitt av dei fagområda der ein gjennom å jobba med slike konkrete oppgåver òg kan få metakunnskap om korleis ein arbeider – og samarbeider – for å oppnå robust kunnskap i samfunnet vårt.

Endringsvillige lærarar

Ludvigsen understrekar at sidan naturfaget er samansett av fleire ulike fag, har det alt mange element og varierte metodar i seg. Dermed dannar det ein god inngang til samarbeid med andre fagområde òg.

Ein stereotypi som gjerne vert mumla om lærarar er at dei er konservative og skeptiske til alt som inneber endringar, men Ludvigsen gjer med glede sitt til å avliva den myten.

– Eg pleier å seia at vi i utvalet har møtt rundt 12 000 lærarar undervegs i arbeidet vårt, og eg var imponert over kor mange av dei vi møtte som kom med nyttige innspel og som verkeleg såg verdien både i vårt arbeid og i stortingsmeldinga, og som er entusiastiske til prosessen som kjem.

– Kva som vil skje i praksis, veit vi jo ikkje, men det var veldig spennande og stimulerande å møta endringsvillige lærarar som er klare til å forbetra den norske skulen.

Muligheiter i Kunnskapsløftet

Han fortel at han har blitt kontakta av mange skular som alt har sett i gang utviklingsprosjekt både i naturfag og i andre fag.

– Sjølv om arbeidet med å fornya læreplanane vil ta tid, er jo premissa lagde i stortingsmeldinga. Det er ingen grunn for skulane til å venta med å eksperimentera og prøva ut nye undervisningsopplegg.

– Det kan førebu skulen og gje den eit forsprang når dei nye læreplanane er ferdige. Muligheitene til slikt utviklingsarbeid ligg der jo alt i Kunnskapsløftet, seier Ludvigsen.

Utvalet har blitt spurt om kvifor dei ikkje er meir konkrete på korleis ting skal gjerast, men dei har med hensikt overlate den jobben til lærarar og andre, i den prosessen som er i startgropa no. Elles har utvalet sitt arbeid og stortingsmeldinga jamt over vorte godt motteke, noko kunnskapsministeren òg har gjeve uttrykk for.

Fagforståing og danning

Ludvigsen deler dette inntrykket, og fortel at det er noko han er spesielt glad for at verken utvalet eller stortingsmeldinga har møtt kritikk for:

– Skulen har eit danningsmandat, i det han skal utvikla elevane til gode samfunnsborgarar gjennom vitskapleg tenkemåte, kritisk tenking osv., samstundes som den skal vera fagorientert og gje ei forståing av kva faga faktisk betyr i vår tid.

– For oss i utvalet har det vore viktig at dette er ei eining som heng saman. Vi kan ikkje realisera danningsideen utan ei god fagforståing, og fagforståinga må balanserast opp mot danninga.

– At ingen har kritisert oss for ubalanse mellom dei ulike mandata skulen har, tek vi som eit godt teikn.

Frå 2017 overtek Sten R. Ludvigsen som dekan ved Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo.


Naturfag 2/16 Denne artikkelen er henta frå Naturfag 2/16. Utgåva har temaet "Sammen. Samarbeid og samspill i skole og barnehage".

Abonnement på Naturfag er gratis, og kan bestillast frå post@naturfagsenteret.no.