Nyhet

Norsk og internasjonal pris til Karl Torstein Hetland

Karl Torstein Hetland frå Vest-Telemark vidaregåande skule og Naturfagsenteret har blitt æresmedlem i Norsk Fysisk Selskap og fått internasjonal fysikkundervisningspris.

Han er utnemnt til æresmedlem i Norsk Fysisk Selskap for sin mangeårige innsats for Norsk Fysisk Selskaps faggruppe for undervisning, for Norsk fysikklærerforening og for det norske fysikkmiljøets fokus på undervisning.

Den europeiske fysikkundervisningsprisen frå Europeean Physical Society, samanslutninga av europeiske fysikarar, får han blant anna for sitt omfattande arbeid med Energinettverket . Hetland har tidlegare fått Norsk Fysisk Selskaps undervisningspris og fleire internasjonale prisar for sitt arbeid.

Prisutdeling på universitetet i Praha. Prisutdeling på universitetet i Praha.

Nettressurser

(norskfysikk.no)