Nyhet

TeknoVisjon 2013

Fredag 11. januar arrangerte Naturfagsenteret finalen for TeknoVisjon 2013 på Kjemisk institutt. Dette er eit årleg samarbeid med Ungt Entreprenørskap Oslo for elevar i ungdomsskulen.

750 elevar starta veka på skulane sine der dei fekk presentert ei problemstilling frå ei lokal teknologibedrift. Dei utvikla ulike løysingar fram til torsdag, då dei beste - 120 vinnarar - blei kåra. Dei fekk så kome til finalen på Blindern for å peike ut vinnarane blant vinnarane. Det var spennande for elevane å presentere løysingane sine - og dei overtydde juryen!

Dagen var lagd opp slik at dei også fekk med seg øvingar på kjemilaboratorium. Der laga dei leppepomade og saft-alginat som dei kunne ta med seg heim. Kort fortalt var dette ein opplevingsdag for elevane i hjartet av realfagsblindern... og vi håper å sjå ein del av dei igjen som studentar om nokre år.

Juryen vurderte opplegget som så bra at det bør eksporterast til andre fylke med realfagsmiljø. I april vil dette konseptet gjennomførast for skular i Akershus. 

VIMF Shell frå Kastellet skole vann prisen for «beste presentasjon». VIMF Shell frå Kastellet skole vann prisen for «beste presentasjon».

I kategorien «beste teknologi og design» gjekk Coscomp fra Apalløkka av med sigeren. Dei hadde løyst utfordringa fra Samsung om å lage ein nytteapplikasjon. I kategorien «beste teknologi og design» gjekk Coscomp fra Apalløkka av med sigeren. Dei hadde løyst utfordringa fra Samsung om å lage ein nytteapplikasjon.

Gruppa TJELV-tech frå Kastellet skole vann kategorien «beste innovasjon». Dei hadde løyst oppdraget frå Shell om å hindre søl ved påfylling av drivstoff frå tankbil. Gruppa TJELV-tech frå Kastellet skole vann kategorien «beste innovasjon». Dei hadde løyst oppdraget frå Shell om å hindre søl ved påfylling av drivstoff frå tankbil.

TeknoVisjon 2013 -5