Ressursar til fagfornyinga

Naturfagsenteret utviklar rike undervisningsopplegg og ein nettbasert progresjonsplan for 1.–11. trinn i tråd med fagfornyinga.

Samarbeid med Asker kommune

Rike undervisningsopplegg

Vi har utvikla fleire rike undervisningsopplegg som legg til rette for djupnelæring og progresjon i naturfag, der elevane har ei utforskande tilnærming til ulike spørsmål. Sjå dei rike opplegga våre her. Fleire opplegg er under utvikling og blir ettter kvart prøvde ut i klasserommet.

Rike undervisningsopplegg

Progresjonsplan

Ein progresjonsplan skal ligge på naturfag.no og vise kva for undervisningsopplegg som passar for dei ulike trinna. Korleis opplegga inngår i ein eller fleire progresjonar blir gjort synleg i planen. For eksempel vil opplegget Stoff og eigenskapar inngå i progresjonar om stoff, teknologi og naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar.

Stoff og eigenskapar

Naturfag

Les Naturfag 1/18 om kva vi meiner er kjernen i god naturfagundervisning. I Naturfag tar vi for oss eitt og eitt kjerneelement. I Naturfag 1/19 kan du lese om kjerneelementet energi og materie. Naturfag 1/20 vil handle om kjerneelementet kropp og helse.

Naturfag 1/18 Naturfag 1/19