2009–2011: Grunnskulen: Verkstaddagane i teknologi og design for lærarar

Vår hovudaktivitet var å tilby gratis verkstaddager innan teknologi og design (ToD) for lærarar i grunnskulen. Kvar samling besto av 8–10 kurs med ulike tema og gjekk over 1–2 dagar. Vi gjesta følgjande sju stader/regionar: Stavern, Trondheim, Bergen, Tromsø, Kristiansand, Gjøvik og – siste kurs i april 2011 - Arendal. 

Det var kurs i konstruksjonsbygging av modellhus og bruer, prosjekt innan elektro og elektronikk, kjemiteknologi var å lage ein serie med kosmetiske produkt, og mekaniske leikar med bl.a. trinser og reimoverføring, tannhjul, kamaksel og hydraulikk. Opplegga tok utgangspunkt i læreplanen og kan brukast forholdsvis direkte i undervisninga i skuleklassene.

Deltakande lærarar har vore svært nøgde med både tilbodet og gjennomføringa.