Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva skjer med energien når vi grillar mat?

7.20 Hva skjer med energien_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane snakke saman to og to om kva dei trur skjer med energien når eit bål brenn. Spør: Kvar er energien før de tenner bålet? Kvar kom energien frå? Kvar er energien når elden sloknar? Kvar er energien i starten av ein næringskjede og kvar er han i slutten? Dersom energi ikkje kan oppstå eller forsvinne, kvifor sloknar bålet?

Forklar til elevane: Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne. Han blir berre overført frå ein stad til ein annan. Når energi blir overført, får han ting til å skje. Det er mykje energi lagra i veden. Når han brenn, blir energi overført til omgivnadane som varme, lys og litt lyd. Energien har ikkje blitt bruka opp eller blitt borte, men når han blir overført til omgivnadane, blir han meir spreidd og vil vanskelegare kunne gjere arbeid for oss. Energi som er lagra i maten kjem ikkje frå veden, men frå planter som har fanga solenergi i fotosyntesen. Denne energien blir overført til dyr som et planter gjennom ein næringskjede. Å varme mat gjer at han smakar meri og at vi lettare kan fordøye han. 

Be elevane lage ei skisse over energiflyten for å vise kva som skjer når vi grillar ein kylling. 

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • utforske observerbare størrelser som fart og temperatur og knytte dem til energi (KM800)
      • samtale om hva energi er, og utforske ulike energikjeder (KM783)
    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)