Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Er temperatur og varme det same?

7.9 Er temperatur og varme det samme_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane samarbeide to og to, der ein elev held eit termometer forsiktig mellom hendene og den andre les av kva som skjer med temperaturen. Be elevane sette ord på kva som må skje for at temperaturmålinga skal endre seg. La elevane finne ut forskjellen mellom 0 °celsius, 0 °fahrenheit og 0 °kelvin. Spør: Er temperaturen absolutt null nokon stad? Korleis blir hendene varma opp om vinteren ved å blåse inn i dei, og kjølte ned om sommaren? Bruk tenk-par-del

Forklar til elevene: Temperatur, varme og kulde er ord vi brukar kvar dag, men vi brukar dei ikkje alltid slik som forskarar gjer. Varme er ein prosess som overfører energi frå ein ting til ein annan. Når du varmar vatn i ein kjele, blir energi overført ved hjelp av elektrisitet til energi lagra i vatnet. Temperaturen til vatnet aukar når vi varmar det. Dette seier oss kor mykje energi vi har overført til vatnet. Varm og kald er ord som vi brukar for å beskrive forskjellen i temperatur mellom ulike stadar. Eit kjøleskap er kaldt samanlikna med rommet rundt, og ein frysar er kald samanlikna med kjøleskapet. Vi brukar temperatur i kvardagsspråket for å seie kor varmt eller kaldt noko er, fordi vi vanlegvis reknar med at vi samanliknar noko med romtemperaturen eller kroppstemperaturen vår, for eksempel ein kald dag eller ein varm kopp te. Det er meir nøyaktig å tenke på temperatur som eit mål på mengda energi noko har. 

Be elevane lage ei Wikipedia-liknande forklaring på kva varme og temperatur er, og ha med absolutt nullpunkt. 

Materialer og utstyr

termometer til to og to elevar