Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva gjer vasskokaren trygg?

6.13 Sikringer og jordledere_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Forklar til elevane: Jordleiarar og sikringar skal sikre oss mot elektrisk støt. Jordleiaren er kopla til apparatboksen og til bakken via stikkontakten og leidningsnettet i huset. Viss det oppstår ein feil, har straumen ein enkel veg å følge, gjennom jordleiaren og til bakken. Dette gjer at det går ein stor straum som vil få gammaldagse sikringar til å bli varm og smelte, slik at straumen går. Nye sikringar verkar ved at dei måler straumen som går inn i ein krets og ut av han. Desse størrelsane skal vere like fordi straumen ikkje blir brukt opp i kretsen. Dersom det er ein forskjell, har noko straum gått ut av kretsen, sannsynlegvis på grunn av ein feil. Da vil sikringa automatisk slå av straumen. Slike sikringar verkar raskare enn jordleiarar og gammaldagse sikringar og er derfor tryggare. 

Be elevane lage ei tryggleiksbrosjyre for hushaldningar for å vise korleis jordleiarer og sikringar verkar. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
    • Vg1 EL
      • gjøre rede for sammenhenger mellom elektrisk energi og effekt og presentere noen energieffektive løsninger i bygg (KM713)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)