Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva er spenning?

6.6 Hva er spenning_nn  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane undersøke ulike typar batteri for å finne ut kor høg spenning dei gir. Spør: Kor høg spenning er det i stikkontaktane våre? Kva er eigentleg spenning og kva gjer spenninga? Korleis heng kjemikalia som er inni batteria saman med spenning? Bruk tenk-par-del.

Sei: Spenning er definert som energimengda som trengst for å bevege ein ladningseining mellom to punkt i ein krets. Spenninga til eit batteri fortel oss kor mykje elektromotorisk spenning som er tilgjengeleg til å dytte elektron slik at dei strøymer i ein straum rundt i kretsen. Dette skjer på grunn av ein spenningsforskjell mellom to delar i kretsen. Jo høgare spenning, dess meir strøymer elektrona i kretsen og dess større blir straumen. Dersom vi ser for oss elektrisk straum som vatn som strøymer i ein slange, så er spenning pumpa som sørger for trykket som dyttar vatnet rundt. Kjemiske reaksjonar i batteriet sørger for energien som lagar spenninga som beveger elektrona rundt. Dei kjemiske reaksjonane stoppar når utgangsstoffa er brukt opp, da søkk spenninga til null og det går ingen straum. Batteri med høg spenning er gjerne større enn dei med låg spenning, men du kan ikkje vite spenninga berre ved å sjå på størrelsen. Kva for stoff som er inn har mykje å seie. 

Be elevane skrive ei forklaring på kva spenning er for å hjelpe andre til å forstå omgrepet. 

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
    • Vg1 EL
      • gjøre rede for sammenhenger mellom elektrisk energi og effekt og presentere noen energieffektive løsninger i bygg (KM713)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)