Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Eksoterme og endoterme reaksjonar

 

5.12 Eksotermiske og endotermiske reaksjoner NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Tenn eit stearinlys og la elevane observere flammen. Snakk saman om at det skjer ei energioverføring. Spør: Kva trur de skjer? Korleis kan flammen fortsette å brenne? Kor kjem energien frå og kor blir han av? Kvifor kan vi seie at det skjer ein kjemisk reaksjon? 

Be elevane lage ei liste over fem viktigaste eksoterme og endoterme reaksjonar i kvardagen. Diskuter listene og sjå om de er einige. 

Faglig forklaring

I ein kjemisk reaksjon blir nokre bindingar mellom atoma brotne og nye bindingar blir danna. Det trengst energi for å bryte bindingane og starte den kjemiske reaksjonen. Dette kallar vi aktiveringsenergi. Nokre gongar er aktiveringsenergien så låg at reaksjonen startar spontant, fordi energien frå partiklar som kolliderer er stor nok til å starte reaksjonen. Når han først er i gang, så er forbrenning ein eksoterm reaksjon. Dette betyr at energi blir overført til omgivnadane. Flammen brenn ved ein ganske konstant temperatur og overfører energi til omgivnadane.

Nokre reaksjonar er endoterme, det vil seie at dei må absorbere energi for at dei skal skje. Desse reaksjonane treng ofte å bli varma opp for å starte, og dei gjer omgivnadane kaldare. Å lage ein omelett frå rå egg er ein endoterm reaksjon. Du må bruke energi for at det skal skje. 

Materialer og utstyr

stearinlys
fyrstikk

Læringsressurs