Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Kva held atom saman?

4.12 Hva holder atomer sammen NN

 

Vis grubleteikninga til elevane.  PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Lag kulepinnemodellar av ulike molekyl, som H2O og CO2. Snakk saman om kva som held atoma saman i modellen, og samanlikn dette med kva som held atoma saman i verkelege molekyl. Spør: Kva betyr prefiksa intra- og inter-? Veit de om ord som begynner med intra- eller inter-? [intra-: innanfor/innvendig; intravenøst, inter-: blant/mellom; internett, internasjonal] Sei: I eit molekyl er det krefter som held atoma saman innanfor molekylet, og det er krefter mellom molekyl som held molekyla nær kvarandre. 

Faglig forklaring

Når det blir danna molekyl i ein kjemisk reaksjon, blir nokre eller alle bindingane mellom atoma i utgangsstoffa (reaktantane) brotne, og det blir danna nye bindingar mellom atoma i sluttstoffa (produkta) som blir danna. Det blir danna bindingar når elektron utveksla eller delt av atom. Dette endrar kreftene som verkar, og skapar nye bindingar som held atoma saman i dei nydanna molekyla. Bindingane mellom atom i eitt enkelt molekyl blir kalla intramolekylære krefter. Desse kan vere veldig sterke krefter. Prefikset intra- betyr innanfor, så intrammolekylære krefter er krefter innanfor molekylet. 

Det er også krefter mellom molekyl. Prefikset inter- betyr mellom, så desse blir kalla intermolekylære krefter. Desse er svakare enn dei intramolekylære kreftene. Dei held molekyla nær kvarandre, slik som vi ser når molekyl er ordna i eit regelmessig mønster, som i ein sukkerkrystall. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • bruke og lage modeller for å forutsi eller beskrive naturfaglige prosesser og systemer og gjøre rede for modellenes styrker og begrensinger (KM833)
      • bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
    • Vg1 SF
      • utforske og gjøre rede for sammenhenger mellom kjemiske bindinger og egenskaper til ulike stoffer (KM815)
    • 7. trinn
      • bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

kulepinnemodellar