Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Bør vi bruke elbilar?

Er elbil eit miljøvenleg val?

 

3.5 Bør vi bruke elbiler NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane lage ein tabell over fordelar og ulempar med elbil. Spør: Kva for råd vil de gje til nokon som vil kjøpe ny bil? Finst det andre bilar som ikkje går på fossilt drivstoff?

 

Faglig forklaring

Elbilar går på elektrisitet. Denne elektrisiteten må bli produsert ein stad. Dersom elektrisiteten er produsert ved hjelp av fossilt brensel, vil han ha laga forureining og drivhusgassar i produksjonen. Å lage elektrisitet og sende han gjennom kablar rundt til byar er ikkje så effektivt. Dersom elektrisiteten er produsert ved hjelp av fornybar energi, blir elbilar ein god ting for miljøet. Alle bilar treng energi og ressursar for å bli produsert. Dette vil også ha innverknad på miljøet. Dersom elbilar blir lada om natta, når straumforbruket er lågt, kan det medverke til å bruke overflødig elektrisitetskapasitet, i og med at det er lite effektivt å slå av og på kraftstasjonar. Elbilar lagar forureining og drivhusgassar, men mindre enn det andre bilar gjer. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer (KM840)
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
      • drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Bærekraftig utvikling (TT3)