Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva er ein augestikkar?

Kva for grupper sorterer vi augestikkarar i?

 

2.10 Øyenstikker NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Vis eit bilde av ein augestikkar. Be elevane sjå etter typiske trekk, slik som kor mange delar kroppen består av, kor mange bein, om han har skjelett, korleis munnpartiet er, kva slags auge han har og korleis han formerer seg.

Be elevane finne ut korleis vi plasserer augestikkarar i systematikken. 

Faglig forklaring

Alle levande organismar er sortert i grupper ut frå karakteristiske eigenskapar. Dyreriket er delt inn i to store grupper: virveldyr og virvellause dyr. Virvellause dyr manglar ryggvirvel. Alle virvellause dyr blir delt inn i mindre og mindre grupper, blant anna klasser og artar. Det liknar på å lagre dokument i mapper inni mapper i eit arkivsystem. Ei av desse gruppene er insekt. Ein augestikkar er eit insekt og eit virvellaust og eit dyr, slik som eit dokument på ein datamaskin kan vere i ei mappe inni ei anna mappe. Insekt skil seg frå andre virvellause dyr. Dei er den største klassa av organismar og inneheld 75 % av alle dyreartar. Insekt kan lett bli gjenkjend fordi dei har seks bein, ein kropp som er delt i tre, eit antennepar og eit sett med fasettauge. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
      • gjøre rede for hvordan organismer kan deles inn i hovedgrupper, og gi eksempler på ulike organismers særtrekk (KM778)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Bakgrunnsstoff