Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Jetfly

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om det å sjå og høyre eit jetfly. Finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Jetfly

Faglig forklaring

Temaet i denne teikninga er forskjellen mellom farten på lyd og lys. Sidan lys har mykje høgare fart enn lyd, kan vi sjå eit jetfly før vi høyrer det. Når lyden når fram til observatøren, har jetflyet vanlegvis flytt seg eit godt stykke (med mindre flyet er veldig nær observatøren). Dersom eit jetfly er eit godt stykke unna, må observatøren sjå lenger framme enn der lyden kjem frå for at ho eller han skal sjå jetflyet.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan undersøkje forholdet mellom farten på lyd og lys ved å observere ein person på avstand som for eksempel banker med ein hammar. Elevane vil sjå at hammaren treffer før dei høyrer lyden. Eit anna eksempel er forholdet mellom å sjå og høyre lyn og torebrak.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
      • utforske sansene gjennom lek ute og inne og samtale om hvordan sansene brukes til å samle informasjon (KM790)
    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)