Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Månestein

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om vekta til ein stein på månen, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Månestein

Faglig forklaring

Sidan ein stein veg mindre på månen enn på jorda, vil vi kanskje forvente at den ikkje vil søkke i vatnet på månen. Det som avgjer om ein gjenstand søkk eller ikkje, er om vekta (tyngdekrafta) som dreg gjenstanden ned er større enn oppdrifta som skuvar den opp, eller ikkje. Oppdrifta på steinen er like stor som vekta av ei mengde vatn som har like stort volum som steinen (eller den delen av steinen som er nede i vatnet). Steinen veg mindre på månen, men det gjer vatnet òg. Oppdrifta på steinen blir difor tilsvarande mindre enn på jorda, slik at steinen framleis søkk, akkurat like fort som den gjer på jorda. 

Ein liten stein har ein viss masse og eit visst volum og dermed ein bestemt massetettleik uansett kvar han oppheld seg. Ein liter vann har også ein viss masse og eit visst volum og dermed ein bestemt massetettleik uansett kvar det oppheld seg. Ein stein søkk derfor i vatn også på månen. Oppdrifta er også avhengig av tyngdeakselerasjonen, slik at oppdrifta endrar seg i takt med vekta på steinen, og steinen søkk altså likeins som på jorda.

På månen er vekta av steinen mindre enn på jorda (berre 1/6 av kva den veg på jorda) fordi gravitasjonen er svakare på månen enn på jorda (berre 1/6 av kva han er på jorda). Vatnet veg òg berre 1/6 av kva det gjer på jorda, så oppdrifta blir òg 1/6 av det den er på jorda.

Kommentarer/praktiske tips

Vi har ingen høve til direkte å gjere målingar for å overtyde elevane, fordi vi ikkje kan sjå bort frå gravitasjonen eller endre han. Det blir viktig å bruke kunnskap om masse, massetettleik og oppdrift i argumentasjonen saman med elevane.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)