Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Romvandring

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om romvandringa, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Romvandring

Faglig forklaring

La oss tenkje oss at vi oppheld oss i eit uendeleg stort lufttomt rom der friksjonen frå underlaget er null. Dersom vi gir ein kort dytt (kraftstøyt) på ein gjenstand inne i dette rommet, vil gjenstanden bevege seg med konstant fart til evig tid. I verdsrommet utanfor atmosfæren til jorda er det ikkje luft og dermed ingen luftmotstand. Det er heller ikkje noko fast underlag som skaper friksjon. Dersom ein astronaut utanfor romferja dytter på romferja, vil dei to derfor gli frå kvarandre med konstant fart i kvar si retning.

Astronautar og romferja er derfor alltid fortøydd til kvarandre dersom astronautane arbeider utanfor romferja. Det verkar ei gravitasjonskraft mellom astronauten og romferja, men denne er ørlita og utan praktisk tyding. Astronauten og romferja trekkjer faktisk på kvarandre med like store, men motsett retta krefter. Astronauten og jorda trekkjer også på kvarandre med like store, men motsett retta krefter!

Kommentarer/praktiske tips

Dersom ein astronaut utanfor romferja dytter på romferja, vil dei to som nemnt gli frå kvarandre med konstant fart i kvar retninga si. Elevane kan teste ut dette på skøytebana ved at dei går saman to og to, og at den eine skuver på den andre. Sidan friksjonen mellom is og skøyte er liten, vil begge bli sette i rørsle og bevege seg bort frå kvarandre.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)