Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Månestøvlar

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om føremålet med månestøvlar og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Månestøvler

Faglig forklaring

Denne situasjonen rører ved omgrep som verdsrom, atmosfære og gravitasjon. Det er stor likskap mellom kleda til ein astronaut og ein dykkar. Sidan dykkaren har tunge sko for å hindre henne i å flyte opp, er det lett å tenkje at med mindre gravitasjon på månen enn på jorda, så kan tunge sko hindre astronautane i å lette. Astronautane kan ikkje lette frå månen. Støvlane er ein del av den lufttette drakta, og sjølv om dei kan vere store, er dei sannsynlegvis så lette som mogeleg for å gjere vekta så lita som mogeleg og dermed spare på energi.

Kommentarer/praktiske tips

Dette er ikkje mogeleg å vise ved forsøk. Her må vi ty til tankeeksperiment og diskusjonar.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)