Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7

Månen si mørke side

Kvifor er ei side av månen alltid mørk? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Månens mørke side

Faglig forklaring

Månen har inga mørk side, sjølv om vi snakkar om det i daglegtalen. Vi kallar det månen sin mørke side berre fordi vi ikkje kan sjå den. Månen roterer ein gong rundt sin eigen akse for kvar gong han roterer rundt jorda. Det gjer at han alltid viser den same sida til jorda, sett frå jordoverflata. Vi kan derfor ikkje sjå baksida av månen frå jorda. Sjølv om vi kallar det den mørke sida av månen, er også denne sida opplyst av sollyset. Ein halvdel av månen vil vere opplyst (unnateke ved formørking) og ein halvdel vere i mørke, og desse halvdelane vil variere heile tida.

Kommentarer/praktiske tips

Dette er ikkje lett å forstå, men bruk av modellar og dramatisering kan hjelpe. Bruk ein globus eller ein stor ball til å representere jorda, ein liten kvit ball som månen og ei god lyskjelde som sola. Ved å endre jorda, sola og månen sin posisjon i forhold til kvarandre kan vi vise at ulike delar av månen lys sin opp.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • planlegge og gjennomføre undersøkelser av vær og himmelfenomener og sammenligne målinger, observasjoner og værtegn gjennom året (KM789)
    • 7. trinn
      • beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)