Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Skugge frå to tre

Diskuter utsegnene om skuggar i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Skygge fra to trær

Faglig forklaring

Normalt skuldast skugge fråvær av lys. Dersom to heilt mørke skuggar overlappar kvarandre, blir ikkje skuggen noko mørkare. I tilfellet med skuggen frå tre er situasjonen komplisert. På grunn av opning mellom greiner og blad kastar ikkje tre ein kontinuerleg heildekkjande skugge. Skuggen vil derfor i praksis kunne bli mørkare der kor greinene frå to tre overlappar kvarandre. Dette skuldast at mindre lys slepp gjennom eit tettare bladverk.

Kommentarer/praktiske tips

Det er enkelt å gå ut og observere skuggen frå tre. Å samanlikne overlappande skuggar frå ugjennomsiktige, delvis gjennomsiktige og helt gjennomsiktige gjenstandar, er eit fint naturleg framhald av aktiviteten. Delvis gjennomsiktige gjenstandar slepp igjennom litt av lyset slik at skuggen ikkje blir heilt svart. Ved å plassere fleire delvis gjennomsiktige gjenstandar bak kvarandre, vil mindre lys sleppe igjennom og skuggen bak alle gjenstandane bli mørkare.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs