Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Skøyteleidning

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om skøyteleidningen, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Skjøteledning

Faglig forklaring

Situasjonen på dette biletet handlar om kva straum er og korleis han går i ein krins. Ikkje alle elevar tenkjer på den "løyse" skøyteleidningsenden som eit brot i ein krins. Når det ikkje er nokon samanhengande krins, går det heller ikkje straum. Derfor må det koplast noko til før det kan gå straum i skøyteleidningen.

Kommentarer/praktiske tips

Situasjonen kan undersøkjast ved å modellere krinsen. Dersom vi har eit amperemeter og eit voltmeter tilgjengeleg, kan vi gjere målingar på ulike stader i krinsen og sjå at straum ikkje lek ut av leidningen. Her er det dessutan viktig å vere klar over at inni skøyteleidningen går det to leidningar. Det kan vere instruktivt å "dissekere" ein skøyteleidning for å sjå korleis han ser ut inni. Skøyteleidningen må ikkje vere kopla til straumuttaket når vi skjer den opp!

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs