Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Ein rar brytar

Diskuter plasseringa til brytaren i ein krins i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: En rar bryter

Faglig forklaring

Dette er ein overraskande krins idet brytaren ser ut til å gjere det motsette av kva han vanlegvis gjer. Når brytaren blir slått på, er det ei sambinding med svært liten resistans mellom dei to polane på batteriet. Då vil all straumen gå her, og ingen straum vil gå gjennom krinsen med lyspæra, som har mykje større resistans. Batteriet er kortslutta, og denne koplinga vil på kort tid lade ut batteriet. Bruk ikkje-oppladbare batteri i denne krinsen!

Kommentarer/praktiske tips

Det er veldig enkelt å kople opp den viste krinsen. Fenomenet kan utforskast ytterlegare ved å kople opp ei rekkje krinsar der pæra blir kortslutta. Alle desse krinsane vil på kort tid lade ut batteriet. Omgrepet kortslutning er nyttig og kan hjelpe til forståinga av resistans som ein avgjerande faktor for straumen i ein krins.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs