Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7

Heliumballong

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om heliumballongen, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Heliumballong

Faglig forklaring

For dei fleste er det vanskelegare å forstå at noko kan flyte i luft enn å forstå at noko kan flyte i vatn. Grunnen til at noko flyt i vatn, er at vekta av gjenstanden er lik oppdrifta. I luft vil noko stige oppover dersom vekta er mindre enn oppdrifta. I dette tilfellet flyt heliumballongen i luft. Då er vekta av ballongen lik oppdrifta i luft. Det skjer fordi helium har mindre massetettleik enn luft og dermed har oppdrift i luft. Dersom ballongen stig, skuldast det at eit gitt volum med helium veg mindre enn eit tilsvarande volum med luft. Vekta av heliumgassen og ballongen veg mindre enn volumet av tilsvarande mengd luft.

Ved å endre temperaturen vil ballongen vokse eller krympe, fordi volumet til gassen i ballongen endrar seg med temperaturen. Når temperaturen aukar, aukar volumet til gassen inni ballongen slik at han utvidar seg. Talet på heliumpartiklar i ballongen endrar seg ikkje, men dei flytter seg raskare og kjem dermed lengre frå kvarandre slik at gasstettleiken i ballongen minkar. Ein annan måte å skildre det på, er at partiklane får større energi, dei flytter seg meir og dytter hardare på ballongen og opptek dermed større plass. Fordi tettleiken minkar vil oppvarming gjere at ballongen stig enda lettare enn han fyrst gjorde. Ved å putte ballongen i ein frysar vil farten til gasspartiklane i ballongen minke, dei vil ta opp mindre plass, volumet minkar, tettleiken aukar og oppdrifta minkar.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje mange stoff som er lettare enn luft. Heliumballongar er lett tilgjengeleg og gassen er ufarleg, derfor er det ein god idé å bruke heliumballongar når elevane skal jobbe med denne aktiviteten. Elevane kan undersøkje kva som skjer dersom dei slepp litt gass ut av ballongen, kva som skjer ved oppvarming og nedkjøling. Ein hårføner kan vere eit godt hjelpemiddel til oppvarminga, ein frysar (eller ein kald vinterdag) er fint når ballongen skal kjølast ned. Elevane kan også undersøkje kor mykje ballongen klarer å lyfte. Då treng dei ei vekt, ein tråd i ballongen og små gjenstandar som kan bindast fast i tråden.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
      • bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Nettressurser

(nrk.no)
Professor Richardson mener ballonger fylt med helium er for billige og bør koste rundt 620 kroner for å ha en pris som reflekterer vår egen nytteverdi av gassen.
(dagbladet.no)
– Det er veldig frustrerende å se på at heliumet blir sluppet ut i lufta ved bruken av disse heliumballongene. Det er helt feil bruk av helium, sierTom Welton, professor i bærekraftig kjemi.

John Lee sier at heliumet som deres medlemmer benytter seg av ikke fratar legestanden deres helium.