Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Egg

Blir eit egg lettare eller tyngre når kyllingen inni veks? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Egg

Faglig forklaring

Denne situasjonen reiser spørsmål om bevaringa av masse, som blir komplisert fordi kyllingen veks og har stoffskifte. Det er usannsynleg at egget vil bli tyngre, fordi mengda av næringsstoff i egget er gitt når egget blir lagt. Etter kvart som kyllingen veks, vil noko av næringa blir omdanna til karbondioksid og vatn. I denne prosessen blir energi frigitt til vekst. Karbondioksid er ein gass som forsvinn gjennom skalet. Derfor blir eggja lettare med tida. Når kyllingen er klekt, får den mat utanfrå.

Kommentarer/praktiske tips

Dersom skolen har tilgang til befrukta egg, er det mogeleg å vege eit egg regelmessig og å måle vektendringa i løpet av utviklinga. Utan tilgang til befrukta egg kan situasjonen diskuterast som eit tenkt eksperiment. Trekk inn kunnskap om vekst, stoffskiftet, energi og partikkelteori.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)