Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Ein dag det blæs

Kva skjer når vinden kjennest kald på kroppen? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: En dag det blåser

Faglig forklaring

Vinden kjennest kald fordi han fører til at fukt fordampar raskare frå huda, og fordamping krev energi som blir teken frå huda. Når den fuktige lufta som vanlegvis omgir hudoverflata, blir blåst bort, vil meir fukt kunne fordampe og på den måten nedkjøle huda. Rundt kroppen vår finst eit tynt lag med luft som kroppen har varma opp. Dette laget blir også blåst bort og erstatta med kaldare luft. Når kroppen varmar opp dette nye luftlaget, mistar kroppen energi.

Kommentarer/praktiske tips

Ein behaldar som er fylt med varmt vatn, vil bli avkjøla fordi han  mister energi til omgivnadene. Den avkjølande effekten til vinden ved fordamping kan demonstrerast ved at ei vifte blæs bort luft rundt ein behaldar som er pakka inn i fuktig papir. Vi kan studere effekten av eit isolerande lag med luft rundt behaldaren ved å pakke eit isolerande materiale (bobleplast eller ull) rundt behaldaren og samanlikne kor raskt denne blir avkjølt i forhold til ein som ikkje er isolert.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)