Forsøk og praktisk arbeid

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Tidsbruk

  • 5 min

Brennande tepose

Lag ein enkel varmluftballong av ein tepose.

Læringsmål

- erfare at varmare luft stig oppover


tepose-3

Klipp av snorfestet på teposen og tøm ut innhaldet. Brett ut posen og form han til ein sylinder. Pass på at enden er jamn. Sett sylinderen på høgkant og tenn på toppen. Sjå kva som skjer.

Kvifor skjer dette? 

 

 

Faglig forklaring

Når teposen brenn, blir det danna varme gassar. Når det er blitt lite nok igjen av teposen, er han lett nok til å følgje med dei varme gassane oppover. Dei varme gassane lettar fordi dei har lågare massetettleik enn lufta rundt.

Materialer og utstyr

  • tepose
  • saks
  • fyrstikker