Praktisk informasjon

Naturfagkonferansen startar torsdag 17. oktober i Georg Sverdrups hus (Bibliotekbygningen) på Blindern. 

Ved registrering får du utdelt ei oversikt over sesjonar du er påmeldt og programmet for dagen. Romplassering for sesjonane finn du også der.

Lunsj
Alle konferansedeltakarane får gratis lunsj på torsdag. Fredag må deltakarane kjøpe lunsj i kantina.

Kommunikasjon
T-bane: T-bane nr. 4 og 5 går frå Oslo S til Blindern T-banestasjon, sjå linjekart og rutetider.

Trikk: Linje 17 stoppar i nordenden av Blindern campus

Bil: Det er sparsomt med parkeringsplassar for konferansedeltakarane, fordi det ikkje er lov å parkere på UiO sine oppmerka plassar. Det er mogleg å parkere i veikanten i Blindernveien og i Apalveien.

Transport frå/til Oslo lufthavn

  • NSB-tog mellom Oslo lufthavn og Oslo S/Nationaltheatret stasjon. Reisa tar 26 eller 37 minutt.
  • Flytog mellom Oslo lufthavn og Oslo S/Nationaltheatret stasjon. Reisa tar ca. 25 minutt.
  • Flybussekspressen rute 1 (Majorstuen) frå Oslo lufthavn stoppar ved Vestre Aker kirke, knappe ti minutt å gå til Blindern.
  • Det går også flybussar mellom Oslo lufthavn og ulike andre stadar i Oslo sentrum. Reisa tar mellom 45 og 55 minutt.

Taxi 

  • Oslo taxi: 02323
  • Taxi 2: 02202
  • Maxitaxi: 22 38 80 70

Forsikring
Arrangøren er ikkje ansvarleg for ulykker eller skadar som blir påført deltakarane eller deira personlege eigendelar før, under eller etter arrangementet.

Nettressurser