Nyhet

Sterk start for pionerstudium

Vidareutdanningstilbodet «Naturfagdidaktikk for lærarutdannarar» er det fyrste i sitt slag i Noreg. 34 søkjarar på fyrste forsøk vert rekna som suksess.

Merethe Frøyland og Doris Jorde jublar over gode søkjartal. Biletet er teke under avslutninga for Jorde ved Naturfagsenteret i 2015. Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO Merethe Frøyland og Doris Jorde jublar over gode søkjartal. Biletet er teke under avslutninga for Jorde ved Naturfagsenteret i 2015. Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO

– Vi hadde forhøyrt oss litt på førehand, så vi visste at interessa var der. Vi er likevel veldig fornøgde med at vi har klart å laga eit godt nok tilbod til at interessa har ført til konkrete søknadar, seier Merethe Frøyland, leiar ved Naturfagsenteret.

Eit tilbod som fleire vil ha glede av

Det var ho som tok initiativet til det nyoppretta tilbodet, som vart eit samarbeid med Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS). Gjennom nettverka sine kjende Naturfagsenteret til at mange av dei som underviser komande lærarar i naturfag er sterke fagleg, men manglar naturfagdidaktisk kompetanse –som handlar om korleis faget blir lært bort.

– I alle fall formelt. Mange har kompetansen utan at dei har papir på det, og så finst det òg dei som ynskjer å heva kompetansen sin på dette feltet. Begge desse gruppene vil ha glede av dette tilbodet, seier Frøyland.

Lærarutdannarar treng fagleg og didaktisk kompetanse

Professor Doris Jorde ved ILS, som og har vert ein pådrivar for kurset, er godt fornøgd med talet på søkjarar.

– Dette er eit pionertilbod i Skule-Noreg. Det er det fyrste tilbodet i fagdidaktikk som rettar seg mot lærarutdannarar nokon sinne. Kurset er spesielt viktig når vi no skal utdanna lærarar i 5-årige masterprogram. Lærarutdannarar i naturfag må vere akademisk sterke både fagleg og didaktisk.

Emnet strekkjer seg over to år, og gjev 30 studiepoeng, Undervegs vert det rikeleg med høve til å diskutera norsk og internasjonal forskingslitteratur om temaet. Emnet vert avslutta ved at kvar deltakar utvidar litteraturen med sin eigen forskingsartikkel, basert på eige arbeid.

Les meir

NATDID4901V - Naturfagdidaktikk for lærerutdannere