Nyhet

Til fots i Oslofeltet

Visste du at Oslo-området har ein svært spennande geologisk historie? No kjem boka som sender deg ut på tur for å få innblikk i denne historien.

Merethe Frølyland og falding sør for Paradisbukta. Foto frå boka: Jørn H. Hurum Merethe Frølyland og falding sør for Paradisbukta. Foto frå boka: Jørn H. Hurum

For drøye 20 år sidan kom boka «Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser» av Johannes Dons. Den var moden for fornying, og forlaget Vett & Viten ba Merethe Frøyland, leiar av Naturfagsenteret, om å ta på seg jobben saman med ektemannen Jørn Hurum, professor ved Naturhistorisk museum.

– Då vi takka ja, såg vi for oss at det skulle halda med nokre oppdateringar og redigeringar, seier Frøyland.

– Så vi gjekk laus på tur nummer ein, og tenkte at vi skulle ta dei fortløpande.

Frå urhav til istid

Men det viste seg raskt at den planen ikkje lot seg gjennomføra. Nokre av turmåla til Dons var overgrodd, andre var rett og slett borte på grunn av utbygging.

– Og då vi gjekk nøye gjennom tekstane til Dons, oppdaga vi at det var ein del geologiske poeng som vart tekne opp att på fleire av turane. Vi ville heller ha eitt poeng per tur, og slik at dei til saman fortalde historia til Oslofeltet.

Som tenkt, så gjort. Dei 25 turane til Dons vart skorne ned til ti. Nokre av turane vart behaldne, medan andre er nye. Turane spenner frå urhav til istid.

Imponerande dimensjonar i steinbrotet ved Spro. Foto frå boka: Jørn H. Hurum Imponerande dimensjonar i steinbrotet ved Spro. Foto frå boka: Jørn H. Hurum

Viser korleis geologar observerer

Eit annan grep Frøyland og Hurum har gjort, er å tona ned bruken av faguttrykk. Magmatiske, metamorfe og sedimentære bergartar vert introduserte som prikkete, stripete og lag-på-lag.

– Desse enkle kjenneteikna fortel steinen sin historie, og det er den som er det viktigaste. Folk må gjerne læra seg å skilja frå kvarandre gneis, granitt og gabbro, men dei er ikkje nøydde til å begynna der, seier Frøyland, som har god erfaring med å bruka desse omgrepa i undervisning i skulen.

– Men samstundes som boka er skriven for folk som ikkje har så mykje forkunnskapar, prøver vi å visa korleis vi geologar observerer når vi er ute i felt.

Langs sykkelstien

Sidan turane fyrst og fremst er valde ut frå historiane dei kan fortelja, høyrest ikkje alle like spennande ut med ein gong. Tur nummer fem er t.d. langs ein sykkelsti på Ringerike.

– Men det er kjempespennande! I dei freda skjæringane på den andre sida av bilvegen ser vi spora etter havet som trekkjer seg tilbake, eller landet som stig, om ein vil snu på det.

– Laga som er avsette på land, har eit raudt skjær, medan dei frå havet er meir grønaktige. Men det er ikkje så lett å sjå med ein gong, så vi foreslår at folk går fram og tilbake eit par gonger.

– På sykkelstien, gliser Frøyland, og legg til at sjølv om skjæringa er freda, er det lov å gå ned til vatnet og plukka steinar der, og der kan det godt henda at ein finn fossil.

Den beste tida på året

Noko av det ho har likt best med arbeidet med boka, er at dei har reist til stader i og rundt Oslo som dei ikkje har vore tidlegare. Ho oppmodar folk til å dra i fotspora deira.

– For geologar er dette den beste tida på året: snøen er akkurat borte, men vegetasjonen har ikkje rukke å dekkja over steinen endå. Så her er det berre å koma seg ut!

Nettressurser

(nb.no)
Denne boka kan framleis lesast på Nasjonalbiblioteket sin nettsider.