Nyhet

Ny kvardag for Naturfagsenteret frå nyttår

Blir organisatorisk knytt tettare til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN) ved Universitetet i Oslo.

Stortingsmeldinga Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen vart lagt fram 24. mars. Hovudtemaet ligg i namnet, men for Naturfagsenteret og dei andre ni nasjonale sentra inneheld meldinga òg ei anna viktig endring.

– Til og med i år har sentra vore organisert som det som vert kalla 1.4.4-institusjonar i Universitets- og høgskolelova, forklarar Merethe Frøyland, leiar for Naturfagsenteret.

– Frå nyttår av har vi ikkje denne statusen lenger, og vert knytt tettare til vertsinstitusjonen.

Rammetildeling

Alle dei nasjonale sentra er knytt til eit universitet eller ein høgskule (UH). Alle vertsinstitusjonane har lærarutdanningar, og sentra er spreidd utover heile landet.

Fram til no har sentra fått detaljerte oppdragsbrev frå Utdanningsdirektoratet kvart år. No vil grunnløyvinga koma som ein del av rammetildelinga til vertsinstitusjonane.

– I tillegg vil vi framleis få øyremerka midlar til satsingar som Lektor2, Den naturlege skulesekken og realfagsatsinga,  inkludert det nye tiltaket Realfagsløyper, som foreløpig er heilt i startgropa.

På beste måte

No skal sentra inn i samtalar med KD og vertsinstitusjonane om dei praktiske detaljane rundt endringa. Frøyland ser fram til eit tettare samarbeid med MN-fakultetet.

– Her har vi jo halde til heilt frå starten av, så den biten endrar seg ikkje. Fakultetet har teke mot endringa på beste måte, så eg er trygg på at brukarane ikkje vil merka så mykje til endringa, seier Frøyland.