Nyhet

Då Gimp svurpa Mopi

Sjølv om elevane kan svara på læraren sine spørsmål, er det ikkje sikkert dei har lært noko. Men med utforskande undervisning utkonkurrerer andreklassingar elevar på vidaregåande.

Vidaregåande elevar på geologisk feltarbeid. Foto: Naturfagsenteret Vidaregåande elevar på geologisk feltarbeid. Foto: Naturfagsenteret

Oppgåve 1: Les denne teksten:

Gimp og Mopi var akler. En gring muffet Gimp og Mopi i bogsen. Mopi pyttet en av Gimps fropper, fordi di ikke kunne skruppe sim. Gimp bofte «Komp app froppen min!» Men Mopi ville ikke kompe hen til ilt. Derfor svurpet Gimp Mopi, og aklene breste til skvitt. Etter det forvittet Armp i sleppen. Hen taplet begge aklene, og luppet dem til boppen.

Oppgåve 2: Svar på desse spørsmåla:

  1. Hva var Gimp og Mopi?
  2. Hvorfor pyttet Mopi en av Gimps fropper?
  3. Hvorfor svurpet Gimp Mopi?

Dersom du svarde at Gimp og Mopi var aklar, at Mopi pytta Gimps fropp fordi di ikkje kunne skruppa sim og at Gimp svurpa Mopi fordi Mopi ikkje ville kompa hen til ilt, har du alt rett.

Men har teksten gjort deg noko klokare? Forhåpentleg ikkje.

Merethe Frøyland er leiar av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo, og har brukt denne teksten i mange samanhengar for å illustrera det ho kallar name-dropping i læringssituasjonen.

Prikkar, striper og lag-på-lag

– Elevane lagar seg strategiar for å finna dei riktige svara på spørsmåla til læraren, som i eksemplet over. Men dei har ikkje dermed lært noko, seier ho.

Ho fekk dette overtydande demonstrert ein studie ho leia, som samanlikna to ulike tilnærmingar til undervisning i geologi. Den eine klassen var ein andreklasse på vidaregåande (vgs) der læraren hadde ei tradisjonell undervisingsform, den andre ein andreklasse på barneskulen der undervisninga var lagt opp som utforskande. No er studien publisert i Science Education.

Som forskning.no har skrive om tidlegare, lærte andreklassingane i barneskulen betre enn elevane på vidaregåande. Eitt år etter at dei hadde hatt undervisning, var barneskuleelevane betydeleg raskare og betydeleg flinkare til å sortera eit sett med steinar.

Elevane i barneskulen starta med å identifisera mønster. Foto: Naturfagsenteret Elevane i barneskulen starta med å identifisera mønster. Foto: Naturfagsenteret

Heilgardering

– Desse elevane kunne med stor presisjon identifisera steinar som magmatiske, metamorfe eller sedimentære etter mønstra på steinen: prikkete, stripete og lag-på-lag, seier Frøyland.

Elevane i vidaregåande, derimot, kunne navna, men ikkje knytt til eigenskapar. I artikkelen fortel forskarane om ei gruppe elevar som brukte stripene i ein metamorf stein til å identifisera den som magmatisk, og vidare tolka dei det at den var magmatisk som at den hadde blitt danna ved avsetningar, altså sedimentær.

– Den same steinen vart altså utan vidare identifisert som både magmatisk, metamorf og sedimentær. Den slags heilgarderingar driv vi ikkje med i geologien, smiler Frøyland.

Det er fenomenet å bruka omgrep som ein har lært seg utan å kjenna tydinga ordentleg, ho og kollegane kallar for name-dropping.

Steinane som elevane vart bedne om å sortera. Foto: Naturfagsenteret Steinane som elevane vart bedne om å sortera. Foto: Naturfagsenteret

Utforskande undervisningsopplegg

Ein annan interessant observasjon er forskjellen i bakgrunnen til dei to lærarane i studien. Begge hadde rundt femten års erfaring på sitt alderstrinn, men berre vgs-læraren hadde geofagleg bakgrunn.

– Det kan tyda på at måten ein underviser på, kan vera viktigare enn fagkunnskapen. For lærarar som enno ikkje er heilt trygge på faget dei skal undervisa i, tilbyr Naturfagsenteret ferdige, utforskande undervisningsopplegg som forklarar korleis ein går fram steg for steg. Prikker, striper og lag på lag er nettopp eit slikt opplegg, seier Frøyland.

– Men det vil jo aldri vera noko ulempe at ein òg har kompetanse i faget, legg ho til.

Ho understrekar at studien deira berre omhandlar to klassar, og at ein derfor skal vera forsiktig med å trekkja allmenn konklusjonar. Likevel viser ho til TIMSS-rapporten som kom før jul, der eitt av funna er at utforskande undervisning gjev betre læring.

Referansar

Frøyland, M., Remmen, K. B. and Sørvik, G. O. (2016), Name-Dropping or Understanding?: Teaching to Observe Geologically. Sci. Ed., 100: 923–951. doi:10.1002/sce.21232

Teksten om Gimp og Mopi er henta frå Hood, S. and Solomon, N. (1985): Focus on Reading. A Handbook for Teachers og omsett av Naturfagsenteret

Nilsen, T. og Frøyland, M. (2016): Undervisning i naturfag. I Bergem, O.K.; Kaarstein, H. og Nilsen, T. (red.): Vi kan lykkes med realfag. Resultater og analyser fra TIMSS 2015, side 137-157

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Nettressurser

(radio.nrk.no)
Innslag med Merethe Frøyland 28. september 2016