Nyhet

Har nøklane til naturfag

I kjølvatnet av TIMSS- og PISA-resultata har mange lurt på korleis norske elevar kan bli betre i naturfag. Forskarane på Naturfagsenteret har svaret.

"Du kan ikke rømme fra gravitasjonen, den er overalt". Elevane lærer betre når dei skriv ned eigne observasjonar. Foto: Naturfagsenteret

Norge deltek i to store undersøkjingar av tilstanden for realfag i skulen: TIMSS, som kjem kvart fjerde år, og PISA, som kjem kvart tredje år.

I år kom resultata frå begge i månadsskiftet november/desember. Sjølv om resultata for Norge var positive samanlikna med tidlegare år, er det framleis mykje som kan bli betre. I mange av landa vi vert samanlikna med, er naturfag rekna som eit av dei viktigaste faga i skulen, saman med morsmål og matematikk. Men i Norge er det eit av dei minste faga.

Mange moglegheiter

– Frå i år har naturfag fått ein time ekstra frå femte til sjuande trinn, og det er eit steg i riktig retning. Men fleire timar er ikkje det einaste verkemedelet. Kva vi faktisk fyller timane med, har òg avgjerande betydning.

Det seier Sonja Mork og Berit Haug, forskarar ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Dei er to av forfattarane av boka På forskerføtter i naturfag, som kom tidlegare i haust. Basert på eiga og andre si forsking har forfattarene utvikla ein ny didaktisk modell for naturfagundervisning.

Naturfag har tradisjonelt gjeve mange moglegheiter for lærarar og elevar til å gjera forsøk der ting seier pang, skiftar farge eller andre artige ting. Det er ingenting galt med det isolert sett, seier Mork og Haug, så lenge det ikkje blir nettopp det: isolert.

Eigne observasjonar

– Elevane oppnår ikkje læring berre ved at noko seier pang. I den didaktiske modellen vår er utforskande arbeidsmåtar og grunnleggjande ferdigheiter integrerte, slik at elevene kan oppnå det vi kallar djup læring.

– Elevane må formulera spørsmål og hypotesar som kan forskast på, og finna informasjon både frå tekstar og observasjonar i eigne utforskingar. Informasjonen vert brukt som evidens når dei diskuterer og kommuniserer kva resultat dei har kome fram til, både muntleg og skriftleg.

Læraren stiller spørsmål undervegs, men spør ikkje etter fasitsvar, slik ein del av oss er vane med frå vår eiga skuletid. I staden diskuterer elevane seg fram til mulige svar gjennom eigne observasjonar og refleksjonar. Elevene les, skriv, diskuterer og jobbar praktisk, akkurat som naturvitarar gjer.

Detaljerte undervisningsopplegg

– Diskusjonane vert betre når elevane utviklar eit felles språk gjennom å bruka forskarord som t.d. observasjonar, slutning og funksjon. Dei lærer seg å skilja mellom kva vi observerer og kva vi trur. Av eit bilete av ein rev kan vi observera at den har kvit haletipp, men vi kan ikkje observera om den er lur eller ikkje.

Frå 2013 til 2016 har Mork og Haug, saman med kollegaar i Bergen, Innlandet, Oslo, Tromsø og Trondheim, arrangert kursa «Nøkler til naturfag» for nærmare 1200 naturfaglærarar over store deler av landet.

Som ein del av kurset må deltakarane gjennomføra detaljerte undervisningsopplegg der ulike typar aktivitetar byggjer på kvarandre trinn for trinn for å fremja progresjon og djupn i læringa til elevane. Ein del erfarne lærarar har vore skeptiske til dei detaljerte lærarrettleiingane.

Elevane brukar forskarbegrep

– Dei trur at dei vil mista moglegheiten til å bruka sin eigen undervisningskompetanse. Men det er jo ikkje slik at det er likegyldig kven pianisten er sjølv om Grieg har skrive alle notane til a-moll-konserten sin, seier Mork og Haug.

– Noko av dei beste opplevingane for oss er når dei mest kritiske lærarane kjem etterpå og fortel om kor gode resultat dei har fått. Og ikkje minst likar vi å få høyra om elevar som etterlyser tilsvarande undervisning i andre timar, og at elevane brukar forskarbegrepa dei har lært i arbeid med andre tema.

– Det er jo slik med undervisningsmetodar som med andre måtar å arbeida på, at dei vert lettare etter kvart som ein får trening med dei, seier Mork og Haug.

– Boka inneheld mange nyttige tips og praksisnære eksempel, og vi oppfordrar lærarar til å ta i bruk metodane når dei sjølve lagar opplegg.

Undervegs i undervisningsopplegget hengjer elevane opp nøkkelsetningar og -begrep etter kvart som dei møter dei. Foto: Naturfagsenteret Undervegs i undervisningsopplegget hengjer elevane opp nøkkelsetningar og -begrep etter kvart som dei møter dei. Foto: Naturfagsenteret

Denne saka er òg publisert på forskning.no