Nyhet

Oslo-samarbeid om utforskande undervisningsopplegg

Naturfagsenteret har samarbeida med to Oslo-skular om eit nytt undervisningsopplegg om celler, der elevane lærer gjennom å arbeida slik forskarar gjer. Det førde til at kunnskapsministeren besøkte ein av skulane, Øraker.

Torbjørn Røe Isaksen på besøk på Øraker skule. Foto: Kunnskapsdepartementet Torbjørn Røe Isaksen på besøk på Øraker skule. Foto: Kunnskapsdepartementet

Etter lanseringa av PISA-resultata tysdag 6. desember drog kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen direkte til Øraker skole med journalistar og fotografar på slep. Valet av skule var ikkje tilfeldig, opplyser Kunnskapsdepartementet: «Øraker skole er ein av to skolar i Oslo som deltek i prosjektet Utforskande undervising i naturfag på ungdomstrinnet, i regi av Naturfagsenteret.»

Naturfagsenteret har i samarbeid med lærarane laga eit nytt undervisningsopplegg om celler, som byggjer på utforskande undervisningsmetodar frå forskingsprosjektet Forskerføtter og leserøtter (FFLR). Opplegget har blitt testa ut på skulane Øraker og Morellbakken.

Betre læringsutbyte

– At opplegget er utforskande betyr ikkje at det består av ei rekkje forsøk som krev dyrt utstyr, slik enkelte trur. Det betyr at elevane sjølve må stilla spørsmål, gjera observasjonar og foreslå forklaringar, forklarar Aud Ragnhild Skår frå Naturfagsenteret, som har vore sentral i utviklinga av opplegget.

– Utforskande undervisning handlar om å få elevane til å undre seg, setje ord på tankane sine og lære korleis dei kan finne svar, slik òg forskarar gjer.

Denne måten å arbeida med stoffet på gjev betre læringsutbyte for elevane, seier forskinga. Det var òg eit av funna i TIMSS 2015-undersøkjinga, som vart lagt fram i slutten av november.

Gode eksempel

– I opplegget om celler skal elevane blant anna sortere mikroskopbilete av ulike celletypar og bruke bevis når dei grunngjev kva dei kjem fram til. Før dei skal lesa om celler, får elevane òg leseoppdrag som gir lesinga ei retning.

– Gjennom heile opplegget diskuterer elevane med kvarandre og synleggjer korleis dei tenkjer. Det viktigaste er ikkje å kome fram til eit fasitsvar, men at elevane får tid til å reflektere.

Skår fortel at Naturfagsenteret har ambisjonar om å lage gode eksempel på naturfagopplegg for alle trinn.

– Når lærarar har gjennomført eitt slikt undervisningsopplegg, har dei samtidig fått eit rammeverk for progresjon og undervegsvurdering som dei kan overføre til andre tema. Ressursane vi utviklar vil alle kunne lasta ned frå naturfag.no og ta i bruk sjølve.

Ministeren fekk smaksprøve

– Vi håpar at opplegga vil inspirera lærarar til å ta i bruk utforskande metodar i større grad, seier Skår, og viser til ministerbesøket på Øraker:

– Celleopplegget vart avslutta fredagen før Røe Isaksen kom. Men læraren tok med seg den utforskande tilnærminga inn i undervisninga om syrer og basar òg, så ministeren fekk likevel ein smaksprøve av korleis slik undervisning kan gjerast.

No skal Skår og kollegaane hennar gjera justeringar i opplegget ut frå dei tilbakemeldingane dei har fått og observasjonane dei sjølve har gjort på Øraker og Morellbakken. Undervisningsopplegget om celler vil så bli gjort tilgjengeleg på naturfag.no i februar 2017.