Nyhet

TIMSS: – I naturfag veit vi kva som skal til

– Fleire timar og utforskande undervisning vil gje betre prestasjonar i naturfag, seier Merethe Frøyland. Leiaren av Naturfagsenteret er medforfattar på eitt av kapitla i rapporten.

Fleire timar i naturfag vil gje betre prestasjonar, meiner Merethe Frøyland. Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO Fleire timar i naturfag vil gje betre prestasjonar, meiner Merethe Frøyland. Foto: Yngve Vogt, Apollon/UiO

TIMSS 2015 vart lagt fram tysdag 29. november. TIMSS står for Trends in International Mathematics and Science Study, og måler kvart tredje år prestasjonane hjå elevar i ulike land.

På førehand spådde enkelte ramaskrik og skandaleoppslag, slik det har har vore tillaup til ved tidlegare lanseringar av slike rapportar. Rapporten har fått brei dekning i dei fleste større media, men denne gongen har reaksjonane vore meir nøkterne.

– Mange har vore ute i forkant og advart mot å overfortolka tala, og det kan kanskje ha bidratt til å dempa dei verste utslaga. Men den viktigaste forklaringa har nok vore så enkel som at resultata til dei norske elevane faktisk er ganske bra, smiler Frøyland.

Målestokk på tilstanden

Eit utval elevar på to alderstrinn er målte, på 5. trinn og 9. trinn. På begge nivåa viser elevane framgang i matematikk frå 2003 til 2015, medan i naturfag er det framgang på 5. trinn, men på 9. trinn står dei på staden kvil.

– Og då er sjølvsagt spørsmålet: kvifor gjer dei det? Kvifor går elevane fram i naturfag på 5. trinn, men ikkje på 9.? Kvifor går dei på 9. trinn fram i matematikk, men ikkje i naturfag? Dei svara er ikkje TIMSS lagt opp til å gje fullgode svar på, seier Frøyland.

Ho understrekar at ho ikkje dermed kritiserer undersøkinga, men at dette heller er eit døme på at ein skal bruka tala som ein målestokk på tilstanden i realfaga, utan å venta at dei òg skal gje forklaringa på kvifor tilstanden er som den er. Men nokre forklaringar reknar ho likevel som nærliggjande.

Lærer betre med utforskande undervisning

– Timetalet for naturfagundervisninga vil sjølvsagt spela ein stor rolle. Norske elevar på 5. og 9. trinn har høvesvis 59 og 81 timar naturfag i året, medan det tilsvarande internasjonale snittet er 76 og 159 timar.

– For å seia det med eit realfagsuttrykk: det er ikkje avansert algebra at det ikkje vert strålande naturfagresultat med så få timar til rådvelde, seier Frøyland.

Men timetalet er ikkje den einaste faktoren som påverkar resultatet. Korleis timane vert brukt, har òg mykje å seia.

– Frå vår eiga forsking veit vi at elevane lærer betre ved utforskande undervisning, når dei sjølve får formulera problemstillingar og diskutera mulige løysingar. Læraren sin faglege og fagdidaktiske kompetanse har òg innverknad på undervisningskvaliteten.

Svara på spørsmål

– Her veit vi at lærarar som ynskjer vidareutdanning i naturfag innan satsinga Kunnskap for kvalitet, ofte får avslag fordi kjernefaga norsk, engelsk og matematikk vert prioriterte. Igjen: det er ikkje avansert algebra å sjå konsekvensane.

Ho avsluttar med eit døme på kvifor TIMSS-tala må takast for det dei er.

– I alle dei tidlegare undersøkingane har fysikk vore den disiplinen innan naturfag der norske elevar har skåra dårlegast. Men denne gongen har dei norske elevane blitt testa på 9. trinn og ikkje 8., som ein kompensasjon for at norske barn startar skule eitt år tidlegare enn det som er vanleg andre stader.

– Og vips, så er ikkje fysikk den dårlegaste disiplinen. Det viser seg at læreboka ikkje behandlar fysikk før på 9. trinnet, så tidlegare måtte elevane svara på spørsmål dei ikkje hadde fått undervisning i. Då går det som går.

Her finn du heile rapporten TIMSS 2015