Nyhet

Gjennom samarbeid til fagforståing

Då tre nasjonale senter skulle samarbeida om undervisningsopplegg i teknologi og design, oppdaga dei at teknologi og design ikkje betydde det same innan dei ulike fagområda. 

Liv Oddrun Voll har sete i ei gruppe som har sett på framtida til ToD-faget. Liv Oddrun Voll har sete i ei gruppe som har sett på framtida til ToD-faget. Foto: Petter Brodal Teknologi og design (ToD) vart innført som nytt fleirfagleg emne i samband med innføring av ny læreplan i 2006. ToD vart nemnt i fleire kompetansemål i fagplanane for kunst og handverk og mate-matikk, men det var i naturfag at emnet fekk tydelegast plass.

Det nye emnet hadde sjølvsagt behov for kurs og undervisningsmateriell som lærarane kunne ta i bruk. Derfor starta dei tre nasjonale sentra Naturfagsenteret, Matematikksenteret og Kunst- og kultursenteret i 2008 eit samarbeid for å utvikla slike ressursar.

– Vi gjekk rett på utvikling av undervisningsopplegg, men møtte ganske raskt på eit grunnleggjande hinder, fortel Liv Oddrun Voll, høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus og Naturfagsenteret sin representant i samarbeidet:

– Kva er det eigentleg elevane skal læra i teknologi og design?

Ulike faglege tradisjonar

For tradisjonelle fag som matematikk og norsk finst det ei nokolunde felles forståing som sit i ryggmargen. Alle har hatt faga sjølve i skulen, og når ein les kompetansemåla deira skjønar ein ganske greitt kva det er snakk om.

For nye emne som ToD er denne felles forståinga ikkje like sterk. Trass grundig forarbeid og førebilete frå England, oppdaga dei tre sentra at det var ubesvarte spørsmål som reiste seg når ein skulle samarbeida med andre fagområde.

– Vi kom frå ulike faglege tradisjonar der omgrepa ikkje hadde heilt det same innhaldet. Men etter kvart kom vi fram til ei felles forståing av kva omgrepa betyr i ein skulesamanheng. Det var ein grei prosess, ein interessant prosess, men òg ein lang prosess, fortel ho.

Det estetiske betyr mykje

Til og med noko så grunnleggjande som namnet på emnet hadde ulikt meiningsinnhald for dei ulike faga. For ein ingeniør kan design innebera å setja saman komponentane på eit kretskort for å få best mulig effekt, men for ein kunstnar vil det vera det estetiske som er det vesentlege.

– Det estetiske betyr mykje for identiteten til eit produkt når det skal marknadsførast. Eit eksklusivt produkt ser annleis ut enn eit produkt retta mot forbrukarar som det økonomiske betyr mykje for, forklarar Voll.

– For meg verkar det eigentleg litt overflødig å snakka om teknologi og design. Vegen frå ide til ferdig produkt er ein prosess som design er ein integrert del av. Design er ein del av teknologikompetansen slik den kompetansen er definert.

Gjer ikkje utrekningane sjølve

Eit anna spørsmål som måtte avklarast var forholdet til dei andre naturfaga.

– ToD er plassert som emne innanfor naturfag. Betyr det at andre kompetansemål kan takast inn i ToD, eller skal ToD sine kompetansemål handterast separat? Det gjeld for så vidt kompetansemål innan dei andre faga òg, men er mest merkbart innan naturfag, sidan det er der ToD er plassert, seier Voll, og brukar eit eksempel:

– Når ein skal byggja ei bru, er det Newtons lover som seier kva krefter som verkar i konstruksjonen. Det er avhengig av eigenskapane til materialet, spennet, avstand mellom stenderane osv.

– Men det er ingen som byggjer ei bru i dag som gjer desse utrekningane sjølve. Dei har andre gjort for dei, så dei treng berre å slå opp i ein tabell. Og når fysikklæraren oppdagar at kompetansemåla i fysikk ikkje vert dekka i ToD, vert ToD systematisk nedprioritert. Det har vi data på.

I førearbeidet til artikkelen du les no, oppdaga Voll eit avvik mellom førearbeidet til ToD og det som står i læreplanen.

– I innstillinga frå stortingskomiteen står det at emnet skal vera tverrfagleg, medan i læreplanen har ein brukt ordet fleirfagleg. Eg veit ikkje om dette er gjort bevisst eller ikkje, men vi har i alle fall lagt meir vekt på det tverrfaglege enn det fleirfaglege, dvs. at ToD skal vera ein fusjon av fleire fag, og ikkje eit samarbeid der fleire fag kjem med ulike bidrag inn mot eit sluttprodukt.

2001: Ein romodyssé

Sjølv om ToD alt i dag involverer tre ulike læreplanar, meiner Voll at det er endå fleire fagområde som er relevante.

– Teknologikompetanse handlar òg om å sjå produktet som ein utviklar, i ein større samanheng. I innleiinga av filmen «2001: Ein romodyssé» av Stanley Kubrick er det ein menneskeape som tek opp eit bein på bakken og brukar det som våpen. Liggjande på bakken er beinet ein del av naturen, men med ein gong det vert brukt som ein reiskap, er det teknologi.

Rekonstruksjon av scena i filmen «2001: Ein romodyssé» der ein menneskeape tek opp eit bein og brukar det som våpen. Rekonstruksjon av scena i filmen «2001: Ein romodyssé» der ein menneskeape tek opp eit bein og brukar det som våpen. Ill.: Rim Tusvik

– Det går ei samanhengjande linje frå det fyrste, heilt primitive våpenet til dei teknologisk avanserte masseøydeleggjelsesvåpna vi har i dag. Og då innser vi jo at teknologi har samfunnsmessige og etiske sider òg.

Nagasakibomba er eit eksempel på at teknologi har samfunnsmessige og etiske sider. Foto: Charles Levy Nagasakibomba er eit eksempel på at teknologi har samfunnsmessige og etiske sider. Foto: Charles Levy

Bør ikkje smøra tynnare utover

Voll har sete i ei gruppe som har sett på framtida til ToD-faget, og som foreslår å gjera det til eit eige fag, utanfor naturfagparaplyen.

– Som vi ser er teknologifaget gjensidig relevant for fleire fag enn dei det er knytt til i dag. Vi trur ikkje det vil tena faget å smøra det endå tynnare utover. Vi meiner det vil vera betre å gjera ToD til eit eige fag, der ein hentar inn element frå andre fag.

– Det kan vera måling og berekningar frå matematikk, elektrisitet eller materialkunnskap frå naturfag, teknikkar og prosesskunnskap frå kunst og handverk og problemstillingar knytt til teknologi og samfunn frå KRLE og samfunnsfag.