TEKin har vunne pris
TEKin Teknologi-inspiratørene har vunne den europeiske konkurransen om beste bidrag til «Partnerships that Inspire Young People in Science, Technology, Engineering and Maths (STEM) in Europe»!
Neste runde blir The Global Best Award i konkurranse med Afrika, Australia og Amerika. Den vil finne stad under konferansen til International Partnership Network, IPN, i Durban 25. 28. september.
TEKin er eit prosjekt der 9 arbeidslivsorganisasjonar og 3 nasjonale sentre for opplæringa samarbeider. Dei nasjonale sentera (Matematikk-, Kunst og kultur- og Naturfagsenteret) har som eige prosjekt utvikla førebels seks tverrfaglege prosjekt til teknologi og design (naturfag.no/tod), som også har vore bidrag til TEKins kursportefølje. Desse og andre kurs innan teknologi og design har TEKin gjeve som gratis todagarskurs i teknologi og design Verkstaddagar - til lærarar mange stader i landet og over ein periode på tre år.
I ny inneverande treårsperiode er målgruppa lærarutdanningane - og ideen er å kunne hjelpe til med å utvikle og gjennomføre undervisningsprosjekt ut frå rammene til høgskulen. Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) har vore fyrst ute, der vi i vår har gjennomførd eit vekeskurs i mekanikk med studentane. Denne modellen for samarbeid er genuin der organisasjonar og nasjonale sentre for opplæringa samarbeider. Organisasjonane har tona ned særinteressene sine og ser seg tent med å støtte skulen med gode kurs på skulen sine eigne premissar: tverrfaglege kurs som byggjer på Kunnskapsløftet.
Nettressurser
-
(youtube.
com) -
(naturfagsenteret.
no) -
(iebpn.
net)
