Hopp til hovedinnhold

Skoleutvikling i naturfag (SUN)

I prosjektet Skoleutvikling i naturfag (SUN) blei ulike modellar utvikla og utprøvde for lokal fagleg skuleutvikling i naturfag. Prosjektstart var 1. november 2010 og i 2011 blei det sett i gong regionale SUN-prosjekt i Troms, Hordaland, Trøndelag og Oslo.

I SUN blei det lagt opp til ei skulebasert tilnærming til kompetanseutvikling. Nettverksbygging mellom lærarar ved ein skule, eller mellom lærarar ved nærliggjande skular, danna basis for utvikling av undervisninga i naturfag(a). Kompetanseutviklinga tok utgangspunkt i deltakarane sin praksis ved eigen skule, og innhaldet i SUN blei dermed praksisnært og relevant. Prosjektet hadde ein tydeleg fagdidaktisk og metodisk profil. Det var eit viktig mål at deltaking i prosjektet skulle føre til at lærarar som underviser i naturfag(a) tok i bruk relevante didaktiske og metodiske tilnærmingar, og at det var behova til lærarane på dei einskilde skulane som var avgjerande for val av fokusområde. Vidare var det viktig at delprosjekta blir gjennomførde i samarbeid med skuleeigarar. Dette blei gjort ved forankring og tydeleg stønad frå leiinga til prosjektet på den einskilde skulen. Fordi ein slik modell tek utgangspunkt i lærarane sine opplevde behov, vil han kunne gi ei berekraftig utvikling av kompetansen i eit lærarkollegium på lengre sikt og dermed kunne føre til ønskte endringar i lærarane sin praksis. Eit langsiktig mål med denne måten å organisere prosjektet på var at lærarane skal bli ekspertar på si eiga kompetanseutvikling.

Felles for alle modellane i SUN var at deltakarar frå prosjektteamet leier arbeidet og samarbeida med lærarar på skulane eller lærarar som var knytte saman i naturfagnettverk. Prosjektteamet besto av personar som jobbar innanfor felta naturfagdidaktikk og lærarutdanning ved Naturfagsenteret, ILS ved UIO, Skolelaboratoriet og PLU ved NTNU, HiST, HiNT, Skolelaboratoriet ved UiB og Skolelaboratoriet ved UiT.

Nettressurser

(ntnu.no)