Hopp til hovedinnhold

Kart i skulen

kartiskolen.no er eit gratis webatlas som tilbyr oppdaterte norske kart. I tillegg til grunnkart finn du temakart eigna for bruk i mange fag. Du finn data frå mange offentlege etatar, forskingsmiljø og data spesielt tilrettelagt for skulen. Det er også utvikla undervisningsopplegg som bruker dagsaktuelle data.

Tenesta er utvikla for grunnskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet. Kunnskapsdepartementet har inngått avtale med Norge digitalt, eit nasjonalt geodatasamarbeid med ca. 600 offentlege etatar som kommunar, fylkeskommunar, nasjonale fagetatar og departement. Partane sine data blir tilbode som online karttenester.

kartiskolen.no inneheld undervisningsopplegg, fagstoff og nyheiter frå prosjektet. Sjølve karta finst på kart.kartiskolen.no. Elever og lærarar kan sjølv leggje inn eigne registreringar og laste opp data frå GPS. Dette krev brukarnamn og passord. 

Naturfagsenteret (UiO), Statens kartverk og Skolelaboratoriet i realfag (UiB) samarbeider om løysinga. Prosjektet blei utvikla på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet i perioden 2008-2010 og blei overteke av Senter for IKT i utdanninga frå 1.1.2010. Frå 2011 har Naturfagsenteret teke ansvar for drifta. Løysinga er ope tilgjengeleg og blir utvikla vidare.

 

 

Prosjektdeltaker

Nettressurser

(kartiskolen.no)
(kart.kartiskolen.no)