viten.no

viten.no tilbyr gratis nettbaserte læringsressursar i naturfag. Målgruppa er elevar i grunnskulen og vidaregåande skule.

Viten-program
Hovudmåla med Viten-programma er at ungdomar skal lære om prosessane og produkta i naturvitskapen og å skape interesser for realfag. Å lære om naturvitskap inneber å bli introdusert for begrepa i naturvitskapen, konvensjonar, lover, teoriar, prinsipp og korleis ein jobbar innan naturvitskap. Dette inneber også å påskjøne korleis denne kunnskapen kan brukast i samfunnsmessige, teknologiske og miljømessige samanhengar.

Viten blei starta opp som eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet. Hausten 2003 blei drift, utvikling av nye Viten-program og forsking lagd under Naturfagsenteret.

parAbel
Med midlar frå Utdanningsdirektoratet har Naturfagsenteret vidareutvikla materiale som blei laga innan fysikk i parAbel-prosjektet. parAbel blei opphavleg utvikla ved Universitetet i Agder. Materialet blir no laga som Viten-objekt. Desse er søkbare på naturfag.no.

Biografiar
I biografisamlinga vår på viten.no kan du lese om nokre av personane som har gitt viktige bidrag til naturvitskapen.

Kontakt oss: post@viten.no

Prosjektleder

Prosjektdeltaker