Den naturlege skulesekken

Den naturlege skulesekken (natursekken.no) skal hjelpe til med å utvikle nyfikne og kunnskap om naturen, og medverke til auka medvit om berekraftig utvikling og auka miljøengasjement hos elevar og lærarar i grunnskulen. Skular kan søkje om midlar gjennom den naturlege skulesekken til undervisning der elevar og lærarar tek i bruk miljø utanfor skulen som læringsarena.

Den naturlege skulesekken skal leggje til rette for at elevar får auka kunnskap om helse og livsstil, natur- og miljøvern både i eit etisk, samfunnsmessig og naturvitskapleg perspektiv. Den naturlege skulesekken skal vere fagleg forankra i Lærplanverket for Kunnskapsløftet både i den generelle delen og i faga naturfag, samfunnsfag, kroppsøving og mat og helse.

Jenter i felt. Foto: Egil Dolmen Jenter i felt. Foto: Egil Dolmen

Den naturlege skulesekken skal:

  • koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda
  • opprette nettverk av organisasjonar som driv skuleretta verksemd
  • hjelpe til med å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar

Organisering

Den naturlege skulesekken er eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning og Kunnskapsdepartementet ved Utdanningsdirektoratet. Naturfagsenteret har redaktøransvaret for natursekken.no. Det blir oppretta ei ressursgruppe med representantar for dei fire fagområda kroppsøving, mat og helse, naturfag og samfunnsfag og ein representant med kompetanse innan uteskule. Ressursgruppa skal hjelpe til med utvikling av nettstaden og støtte skulane i pilotperioden.

Kontakt oss: post@natursekken.no