naturfag.no

naturfag.no er ein nettstad for lærarar i grunnskule og vidaregåande skule og lærarutdannarar. Nettstaden består av læringsressursar og idéar til undervisningmetodar i naturfag.

naturfag.no jobbar mot å dekkje bredda i naturfagundervisninga og kvardagen til lærarane. Her finn du blant anna undervisningsopplegg, forsøk, animasjonar, læreplanar, nyheiter, tips om nyttige kurs og konferansar, metodiske artiklar, nettstadomtalar og informasjon om utstyr og tryggleiken ved laboratoriearbeid.

Nettstaden skal vere ei hjelp til å finne fram til ressursar som held fagleg og pedagogisk mål. På naturfag.no er ressursane søkbare etter stofftype og kompetansemål i læreplanen.

Nettstaden er under kontinuerleg utvikling, og vi tek gjerne mot alle typar innspel frå brukarar. Dersom du har forslag og idéar til innhaldselement, er vi takksame for å få dette tilsendt på e-post.

Kontakt oss: post@naturfag.no