FYR naturfag

No skal elevane få ei opplæring som er tettare knytt til det yrket dei utdannar seg til. Naturfagsenteret skal ha det faglege ansvaret for yrkesrettinga av naturfagundervisninga i prosjektet FYR.

FYR står får Fellesfag, Yrkesretting og Relevans, og prosjektet har som overordna mål å auke kvaliteten på opplæringa for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Prosjektet skal bidra til at skolane utviklar ein kultur for yrkesretting og relevans, at det blir utvikla ein samarbeidskultur både mellom fellesfaga og mellom fellesfaga og programfaga, og at det blir utarbeida læringsressursar som skal brukast aktivt i opplæringa.

FYR-nettverket består av nasjonale FYR-koordinatorar ved dei fire nasjonale sentra som deltar i prosjektet (Naturfagsenteret, Matematikksenteret, Fremmedspråksenteret og Skrivesenteret), ein prosjektleiar i kvart fylke og FYR-koordinatorar i faga naturfag, matematikk, engelsk og norsk i kvart fylke. Dei nasjonale sentra leiar det faglege utviklingsarbeidet og nettverksarbeidet i sine respektive fag, og gjennomfører – i samarbeid med Utdanningsdirektoratet – skoleringssamlingar for lærarar og leiarar for alle vidaregåande skolar.

Naturfagsenteret har det faglege ansvaret for FYR naturfag og samarbeider med FYR-koordinatorane i naturfag i alle fylke. FYR-koordinatorane har gjort og gjer ein veldig god jobb i fylka med å utvikle, prøve ut og dele yrkesretta og relevante undervisningsressursar. Vi håpar at dette arbeidet legg grunnlaget for gode samarbeidsrutinar mellom fellesfag og programfaglærarar, og at dette resulterer i motiverte elevar og til sjuande og sist betre fagarbeidarar.

Delingsarenaen til FYR er fyr.ndla.no. Der håpar vi flest mogleg tar turen innom for å sjå om det finst opplegg som passar i sine klasser. Dersom du i tillegg har nokre gode opplegg du vil dele, logg deg inn på fyr.ndla.no og bidra til at ressursbanken blir rikhaldig og har gode tilbod for alle programområde.

 

Har du spørsmål kontakt oss på: fyr@naturfagsenteret.no

Prosjektleder

Nettressurser

(fyr.ndla.no)
(udir.no)
(naturfagsenteret.no)