Soppjakta

Naturfagsenteret har utvikla eit enkelt soppspel der elevane blir kjende med 11 soppar. 

Soppjakten logo

Å gå på soppjakt gir spenning og fine naturopplevingar. I Noreg har vi store areal som bognar av smakssterk og god matsopp. Men, bruk av viltveksande sopp krev kunnskap, for det finst dødeleg giftig sopp! Naturfagsenteret har utvikla eit enkelt soppspel der elevane blir kjende med kantarellen – "gullet i skogen" – og ti andre soppar.

Kantarellen er ein av fleire soppar vi kallar sikre. Vi kallar dei sikre fordi dei ikkje kan forvekslast med nokre giftige soppar. I spelet lærer elevane om seks sikre soppar. Dei andre fem er med fordi dei er giftige eller fordi dei liknar ein av dei seks sikre.

Lærer de soppene i spelet godt, kan dykk trygt plukke mykje god mat i skogen.

Skjermdump fra Soppjakten

Spelet er utvikla med stønad frå Senter for IKT i utdanninga i samband med innovativ bruk av Feide-autentisering i skulen. Spelet krev derfor Feide-pålogging for å sikre at vi blant anna veit kva skule elevane går på. Har ikkje elevane Feide, kan dei bruke demoen, men då blir dei ikkje med i konkurransen.

Soppjakten logo

 

Kvar spelomgang tek berre nokre minutt, men for å få mykje poeng må ein sjølvsagt spele mange omgangar. Om ikkje spelet blir brukt direkte i undervisninga, håper vi likevel lærarar informerer elevane sine om det.

Spelet finn du på:
viten.no/soppjakten