Årets nysgjerrigper - spesialpris i naturfag
Kvart år blir barna sin forskingskonkurranse Årets nysgjerrigper arrangert med flotte premiar og spennande opplevingar for vinnarane. Alle som går i 1.-7.trinn kan delta. Naturfagsenteret gir kvart år ein spesialpris, Naturfagprisen, til eit prosjekt med fokus på naturfag.
Naturfagsenteret deler ut denne spesialprisen for å inspirere elevar til nysgjerrigheit rundt naturfaglege spørsmål. Nysgjerrigpermetoden passar som hand i hanske med hovudområdet Forskerspiren i naturfagplanen i LK06. Naturfagsenteret oppmodar derfor lærarar til å ta i bruk Nysgjerrigpermetoden.
Kriterium for Naturfagprisen
Prisen på 5000 kr blir delt ut til eit prosjekt som viser korleis vi kan skaffe oss og ta i bruk naturfagleg kunnskap.
Påmelding
Påmelding skjer ved å sende inn klassa sin forskingsrapport til Årets nysgjerrigper innan 1. mai. Bruk gjerne rapportverktyet nygjerrigpermetoden.no.
Vinner av naturfagprisen i 2008: Vevelstadåsen skole
Tidlegare vinnarar av Naturfagprisen:
2012: Haukås skole i Bergen - Korleis er levevilkåra for elvemuslingar i Haukåsvassdraget?
Elevane på 5. trinn har forska på levevilkåra til elvemuslingar i elva ved skulen. Ein av hypotesane dei sette opp handla om at menneska forureinar med for mykje bensin og gift. Elevane konkluderer med at dei ikkje trur det kjem gift ut i elva frå bedriftene rundt, fordi det er veldig strenge reglar for slikt. Det største problemet for elvemuslingane ser ut til å vere mangel på oksygen. Og det er mykje mudder i vatnet.
2011: Jar skole Kvifor spyler doen ned av seg sjølv når vi smell døra igjen på jentedoen hos oss, og ikkje på vår gutedo?
6B ved Jar skole lurde på kvifor Kristine var redd for å gå på do. Er det fordi doen spyler ned av seg sjølv? Spøkjer det på do? Det ville dei finne ut av. Ein hypotese var at den greia som dei spylte ned med på jentedoen var lausare/slappare enn den på gutedoen. Ein annan hypotese var at doen reagerte på smellen i døra og at døra til jentedoen laga ein høgare smell. Konklusjonen var at når ein smell igjen døra, så blir det skapt eit slags vindtrykk/lufttrykk som dytter inn flusheren, og då trekkjer det ned.
2010: Onøy/Lurøy skole Kvifor glitrar snøen?
Etter ein lang vinter med mykje snø bestemde 1.-4.klasse ved Onøy/Lurøy skole seg for å forske på eit vinterspørsmål: Kvifor glitrar snøen? Hypotesane dei kom fram til dreidde seg om vatn, lys og form. Etter å ha forska på snøballar og frosen vassdamp og jakta på kvite stoff som glitrar, kom dei fram til konklusjonen: Snøkrystallane har flater som reflekterer lys, og plasseringa til sola på himmelen har mykje å seie for korleis snøen glitrar.
2009: Hillestad skole Kan vi lage vår eiga jord?
Dette prosjektet blei gjennomført av 1. trinn ved Hillestad skole i Holmestrand. Elevane utforma tre hypotesar, og etter felles diskusjon blei matrestar med og utan gras putta i plastflasker i vindaugskarmen. Elevane konkluderte med at nedbrytning kan skje med og utan luft og at det er gøy å vere Nysgjerrigper!
2008: Vevelstadåsen skole Kan ein sløkkje brann med brus?
7A og 7B ved Vevelstadåsen skole i Akershus fekk høyre at læraren deira hadde prøvt å sløkkje brann i ein serviett ved å helle brus på den. Resultatet var at brannen blussa opp. Kva var grunnen til dette? Dei sette opp to hypotesar som blei etterprøvde.
2007: Samfundets skole Kvifor er det så mange døde olbogesniglar og strandkrabber på land?
6. og 7.trinn ved Samfundets skole i Egersund fekk høyre at det var mange krabber og olbogesniglar i strandsona eit år. Kva var årsaka til det? Var det fuglar som hadde fanga dei og sloppe dei ned på land? Eller var varmt vann årsaka til at skjelene døydde og blei skylde på land?
2006: Hamnvåg Montesorriskole - Når frys isen på Malangen
1.3.trinn på Hamnvåg Montesorriskole i Troms observerte at det la seg tjukk is på Malangen etter nokre kalde dagar i oktober. Var det fordi mykje regnvatn frys raskare enn saltvatn? Eller var klimaendringar årsaka til isen?
Les meir om kvart prosjekt i lenkjene til høgre.
Nettressurser
-
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigpermetoden.
no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(bergen.
kommune. no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigper.
no) -
(nysgjerrigper.
no)
