Naturfagkonferansen

Naturfagkonferansen 2016 vert torsdag 20. oktober, og vi kjem òg til å ha tilbod fredag 21. for dei deltakarane som ynskjer det.

Naturfagkonferansen 2016 nett

I 2016 har vi gitt Naturfagkonferansen eit nytt format. Erfaringa vår frå tidlegare år er at når konferansen varar to dagar, er det mange som fell frå utover dag 2. Samstundes skjønar vi godt at dei som har lang reiseveg synest det kan bli mykje skrik for lite ull når konferansen berre varer ein dag.

Så i år prøver vi ein mellomting: sjølve konferansen er på torsdag 20. oktober, og ferdig med den. Men i tillegg tilbyr vi ein variert meny med naturfaglege dagskurs fredag 21. oktober.

Eitt anna nytt grep er at deler av konferansen vert delt opp i tre spor, med temaa Tid, Samarbeid og Talentfulle elevar.

Naturfagkonferansen 2016 starter torsdag 20. oktober i Georg Sverdrups hus (Bibliotekbygningen) på Blindern.

Påmelding

Meld deg på nedst på denne sida innan 11. oktober. Konferansen er som vanleg gratis.


Program (torsdag)

Vi har fortsatt eit par brikker å leggje på plass, men dei aller fleste er klare:

10.00–11.00

Opning: Morten Dæhlen, dekan ved Matematisk-naturvitenskapelig fakultet, UiO

 

11.00–11.15

Pause og beinstrekk

 

11.15–12.00

 

12.00–13.15

Lunsj og utstillinger

 

13.15–14.00: Parallellsesjonar 1

Spor 1: Tid

  • Jørn Hurum : Hvordan kan vi vite hvor gamle fossiler er?

Spor 2: Samarbeid/samspel

Spor 3: Talentfulle elevar/differensiering

  • Unni Eikeseth : Høgtpresterande forskarar. Norsk vitskap som endra verda

 

14.00–14.15

Pause

 

14.15–16.00: Parallellsesjonar 2

Det er råd å byta spor mellom den førre delen med parallellsesjonar og denne når du melder deg på nedanfor.

Spor 1: Tid

Spor 2: Samarbeid/samspel

Spor 3: Talentfulle elevar/differensiering

 

16.15–16.45

Dagen vert runda av med komikar og rektordotter Sigrid Bonde Tusvik .

 


Naturfaglege dagskurs (fredag)

Eit breidt tilbod av heildagskurs, kvart av dei i regi av desse samarbeidspartnarane:

Desse kursa har eiga påmelding, og nokre har deltakaravgift:

 


Påmelding