Teknologi-inspiratørane (TEKin)

Teknologi-inspiratørane er eit nettverk som blei oppretta våren 2009. Medlemene i nettverket er tre nasjonale sentre for opplæringa og ni arbeidslivsorganisasjonar. Dei nasjonale sentera (Matematikk-, Kunst og kultur- og Naturfagsenteret) har som eige prosjekt utvikla førebels seks tverrfaglege prosjekt til teknologi og design (naturfag.no/tod), som også har vore bidrag til TEKins kursportefølje. Desse og andre kurs innan teknologi og design har TEKin gjeve som gratis todagarskurs i teknologi og design – Verkstaddagar - til lærarar mange stader i landet og over ein periode på tre år. 

I ny inneverande treårsperiode er målgruppa lærarutdanningane - og ideen er å kunne hjelpe til med å utvikle og gjennomføre undervisningsprosjekt ut frå rammene til høgskulen. Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) har vore fyrst ute, der vi i vår har gjennomførd eit vekeskurs i mekanikk med studentane (sjå lenke). Denne modellen for samarbeid er genuin – der organisasjonar og nasjonale sentre for opplæringa samarbeider. Organisasjonane har tona ned særinteressene sine og ser seg tent med å støtte skulen med gode kurs på skulen sine eigne premissar: tverrfaglege kurs som byggjer på Kunnskapsløftet.

Grunnskulen 2009 - 2011: Verkstaddagane i teknologi og design for lærarar

Vår hovudaktivitet har vore å tilby gratis Verkstaddager innan teknologi og design (ToD) for lærarar i grunnskulen. Kvar samling har bestått av 8–10 kurs med ulike tema og gått over 1–2 dagar. Vi har gjesta følgjande sju stader/regionar: Stavern, Trondheim, Bergen, Tromsø, Kristiansand, Gjøvik og – siste kurs i april 2011 - Arendal. 

Det har vore kurs i konstruksjonsbygging av modellhus og bruer, prosjekt innan elektro og elektronikk, kjemiteknologi har vore å lage ein serie med kosmetiske produkt, og mekaniske leikar med bl.a. trinser og reimoverføring, tannhjul, kamaksel og hydraulikk. Opplegga har teke utgangspunkt i læreplanen og kan brukast forholdsvis direkte i undervisninga i skuleklassene. NRK har laga ein film på 10 minutt, som gir eit godt inntrykk av aktivitetane og er lagd ut på YOUTUBE (sjå lenke).

Dei tre nasjonale fagsentera har teke initiativ til og utvikla nye tverrfaglege ToD-kurs. TEKin har opna for å prøve ut desse. Her ser vi korleis dei tre faga matematikk, kunst og handverk og naturfag kan gå saman om ToD-prosjekt.

Deltakande lærarar har vore svært nøgde med både tilbodet og gjennomføringa. 

Lærarutdanninga 2011 - 2014: Samarbeid om teknologi og design

Under Strategimøtet i TEKin i mars 2011 blei vi samde om å flytte fokus mot lærarutdanninga, med sikte på å få teknologi og design betre forankra der, og samstundes forlengje funksjonstida for TEKin til å falle saman med Realfag for framtida - Strategi for styrking av realfag og teknologi 2010-2014.

Ein førespurnad om å bli med på dette opplegget blei send ut til nokre lærarutdanningar i vår. HiOA var først ute med positivt svar og det blei gjort ei avtale. Tilbodet blei også presentert under eit dialogseminar som HiOA arrangerte i oktober (sjå lenke).

Vi legg opp til ein ny runde med det same kullet studentar ved UiOA, veke 12 2013.

Vitensentra

Det har vore naturleg å inkludere vitensentera i den nye målgruppa vår. Vi hadde ei samling med dei i oktober 2012 med desse resultata:

Det blir kurs ved Jærmuseet – Vitensenteret i Sandnes - eitt i mars og eitt i september 2013. Kursa vil ta opp emne frå teknologi og design og valfaget teknologi i praksis og vere retta mot lærarar i grunnskulen.

Likeeins vil det i april bli ein kursdag med 3 parallelle kurs i Ålesund i samarbeid med det nye Mobilt Vitensenter i Møre og Romsdal. Dette er ei vidareføring av kursrekka frå tidlegare TEKin-runder, men i redusert format.

Organisering 

Den daglege drifta av TEKin blir styrt av ein arbeidsgruppe (AG) med NHO, NITO, Kunst- og kultursenteret og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret har framleis sekretariatet for TEKin.

Medlemene av Teknologi-inspiratørane er:

  • NHO Næringslivets hovedorganisasjon
  • NT Norsk Teknologi
  • BNL Byggenæringens Landsforening
  • NITO Norges ingeniørorganisasjon
  • Tekna
  • NTNU Skolelaben
  • SV Statens Vegvesen
  • JBV Jernbaneverket
  • Norsk gass og olje
  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringen

 

Prosjektleder

Nettressurser