Hopp til hovedinnhold

Kva kan eg bli med realfag?

Kva kan eg bli med realfag? var eit prosjektsamarbeid mellom Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Matematikksenteret og Naturfagsenteret. Prosjektet samla og utvikla læringsressursar for naturfag og matematikk 8.–10. trinn og Vg1 som viser fram relevansen til faga for ulike yrke. Ressursane ligg på www.hvakanjegblimedrealfag.no. Hensikta er at elevane skal få auka informasjon og inspirasjon kring utsiktene som ligg i eit realfagsval, samtidig som dei arbeider med tema som er relevante for læreplanen i naturfag og matematikk. Ressursane skal verke som ei «bru» mellom fag-emna i naturfag og matematikk og bruken av kunnskapsområdet. Gjennom bruk av ressursane blir det også kommunisert til elevane kor viktig realfag er for samfunnet. Dei nasjonale sentra har forskjellige andre tiltak som kan vere med på å dra i same retning. Til dømes er relevante rollemodellar og yrkesbeskrivelsar frå Senter for realfagsrekruttering sine tiltak rollemodell.no og velgriktig.no synleggjort i mange av ressursane på hvakanjegblimedrealfag.no.

 

Hva kan jeg bli med realfag?

hvakanjegblimedrealfag.no

Prosjektleder

Nettressurser

(hvakanjegblimedrealfag.no)
(realfagsrekruttering.no)
(matematikksenteret.no)